Historisk arkiv

Del av bompengereformen: Bubilar og større personbilar får samme takst og rabatt som lette bilar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

- Bubilar og enkelte store personbilar, til dømes i gruppa SUV, med totalvekt over 3500 kilo - skal få samme bomtakstar og bompengerabattar som for køyretøy med vekt under 3500 kilo. Desse endringane gjeld kjøretøy registrert som personbil, som etter dagens regelverk betaler samme takst som tunge næringskøyretøy. Endringane er ein del av bompengereforma til regjeringa, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.

- Mange opplever det som urimeleg at bubilar og store personbilar må betale samme bompengetakst som store og tunge vogntog. Takstane står ikkje i samsvar med kor store eller tunge bubilane er. Dette ryddar nå vi no opp i.

- Ein positiv effekt kan vere at landet vårt blir ein litt meir attraktivt stad å feriere. Vi har et naturskjønt land, og med lågare bomtakstar bør bubilferie i Noreg stå høgt på lista for neste sommarferie, seier samferdselsministeren.

Arbeidet med omlegging og forenkling av takst- og rabattsystem er eitt av fleire tiltak i gjennomføringa av den nye bompengereforma, som elles mellom anna vil føre til at dagens om lag 50 bompengeselskap blir redusert til fem selskap, og at staten dekkjer meir av renteutgiftene for bompengeselskapa.

- Målet med bompengereforma er å redusere byrdene for bilistane og få til ei meir brukarvenleg og effektiv innkrevjing av bompengar. Dette fører igjen til reduserte drifts- og administrasjonskostnader, slik at meir av bompengane kan gå direkte til utbygging og tiltak på vegen. Eg jobbar for at endringane for bubilar skal tre i kraft frå nyttår, seier samferdselsministeren.