Svar på spørsmål om organisering av bevarings- og utviklingsarbeidet for våre nasjonale hesterasar
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet
Svar til Stortinget | Dato: 17.12.2015
Mottakar: Stortinget
Dykkar referanse:
Spm. nr. 357
Vår referanse:
15/1699-
Landbruks- og matministeren har svart på spørsmål frå representanten Torgeir Knag Fylkesnes (SV) om organisering av bevarings- og utviklingsarbeidet for våre nasjonale hesterasar.
Skriftlig spørsmål nr. 357 (2015-2016)
Representanten Torgeir Knag Fylkesnes har stilt følgjande spørsmål for skriftleg svar: "Hvordan sikrer statsråden uhildet og faglig optimal gjennomgang av dagens organisering av bevarings- og utviklingsarbeidet for våre nasjonale hesteraser?"
Det er riktig at departementet har sett ned ei arbeidsgruppe for å få ein brei fagleg gjennomgang av organiseringa av arbeidet med å ta vare på dei norske hesterasane. Det er likevel ikkje korrekt som det står i grunngjevinga for spørsmålet, at raseorganisasjonane ikkje er representerte i arbeidsgruppa. Arbeidsgruppa har representantar med avlsfagleg ekspertise og ekspertise på genbevaring, saman med representantar for raselaga for våre tre nasjonale hesterasar. Gruppa blir leia av Landbruks- og matdepartementet.
Det er ikkje oppnemnt medlemmar frå dei forskjellige hestesentra. Norsk Hestesenter har fristilt ein person som ikkje er knytt til aktuelle raseorganisasjonar, for å fungere som sekretær for gruppa.
Eg legg til grunn at gruppa er samansett slik at den kan foreta ein brei og grundig gjennomgang av arbeidet med å ta vare på dei norske hesterasane.
Med helsing
Jon Georg Dale