Dyr som julegåve

Dette innhaldet er meir enn 2 år gammalt.

Å gje dyr eit godt liv krev både kunnskap, tid og pengar. – Å få og ha ansvar for eit dyr kan vere ei stor glede, seier landbruks- og matminister Sandra Borch.

– Men før du og familien skaffar dykk eit dyr, må de tenkje godt gjennom kva dette fører med seg av ansvar og oppgåver gjennom heile levetida til dyret. Dyra er prisgitt det stell og den omsorg vi menneskje gir dei, seier Borch.

Som eigar må du setje seg inn i kva behov dyret har til stell, levemiljø og stimulerande aktivitetar.

Eit dyr kan leve i mange år

Etter dyrevelferdslova kan ikkje barn under 16 år ha eit sjølvstendig ansvar for dyr, og ein vaksen må ha ansvar for dagleg oppfølging og stell. Eit dyr kan leve i mange år, og den som skaffar seg eit dyr må tenkje langt framover og ha kunnskap om behova til dyret.

Hald av kjæledyr kostar også pengar. I tillegg til utstyr og mat vil det kunne bli utgifter for behandling av dyret hos veterinær. I feriar må  dyreeigar sikre at dyret blir passa på av nokon som kan behandle dyret på ein god måte.