Historisk arkiv

Elvestuen til klimasamtalar i Berlin

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Klima- og miljødepartementet

Klima- og miljøminister Ola Elvestuen deltek 12. og 13. mai i ministermøte om klima i Berlin. Det er Tyskland og Chile som har invitert til møtet, som går under namnet Petersberg-dialogen.

Møtet tar for seg behovet for auka ambisjonar og forventingar til det neste toppmøtet i klimaforhandlingane, som skjer i Chile i november (COP 25).

Dette møtet er blitt ein tradisjon, og Noreg er blitt invitert kvar gong dei siste åra. Om lag 25 land deltek, blant anna Kina, India, Brasil, Costa Rica, Chile, Sør-Afrika, Frankrike, Canada, Japan og USA. Overskrifta for møtet i Paris er "oppfylling av løfta frå Parisavtalen."

-Dette er eit viktig forum. Her får ministrar frå mange land saman førebudd seg for det viktige møtet i Chile i november. Det er viktig at verdssamfunnet helt oppe tempoet i klimaarbeidet, slik at dei sterke løfta frå Parisavtalen blir sett ut i livet. Vi får stadig mange åtvaringar frå forskarar om dei dramatiske klimaendringane, og saman må vi kutte utsleppa mykje i åra som kjem. Dette er også avgjerande for å ta vare på naturen, seier Elvestuen.

Dette er noko av det ministrane skal diskutere i Berlin:

  • kva må til for at COP 25 skal bli ein suksess?
  • korleis kan COP 25 bli eit vendepunkt i iverksettinga av Parisavtalen?
  • korleis kan ein samarbeide internasjonalt for at verda skal kunne tilpasse seg klimaendringane?
  • korleis kan ein mobilisere til auka klimainnsats fram mot toppmøtet, og korleis kan ein få med seg til dømes ungdomen og bedrifter?
  • korleis kan landa oppfylle krava om rapportering om kutt i utsleppa, og korleis kan ein gjere dette ope for alle?
  • kva er dei viktigaste utfordringane for å gjennomføre reduksjon i utsleppa, og korleis kan internasjonalt samarbeid betre denne gjennomføringa?
  • korleis kan ein auke forpliktingane fram mot 2030, slik at ein oppnår drastiske kutt i utsleppa?

Noreg har lova å kutte sine eigne utslepp med minst 40 prosent innan 2030, og dette skal skje innanfor eit samarbeid med EU. Regjeringa skal dessutan utarbeide ein plan for å redusere utsleppa innanlands med 45 prosent i ikkje kvotepliktig sektor, det vil seie blant anna landbruk, avfall og transport.