Historisk arkiv

Endra avkortingsreglar ved strukturering

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Nærings- og fiskeridepartementet

Kongen i statsråd har i dag godkjent nye avkortingsreglar ved strukturering i kystflåten.

Kongen i statsråd har i dag godkjent nye avkortingsreglar ved strukturering i kystflåten.

- Regelen om 30 prosent avkorting dersom strukturkvoten overstig tre gonger fartøyet sin eigen kvote, vart innførd då kvotetaka for kystflåten vart auka i juni 2013. Dette har eg no gjort om, slik at avkortninga blir på 20 prosent, uavhengig av struktureringsgraden, seier fiskeriminister Elisabeth Aspaker.

Endringar av avkortingsreglane har noko å seie for kvotane til dei næringsaktørane det vedkjem, men vil ha minimal verknad for gruppa som heilheit. For forvaltninga inneber endringa ei klar forenkling av regelverket.

- Sidan ordninga har fungert i så kort tid, ønskjer eg også å la dei som har strukturert og fått avkorting på 30 prosent få søkje om at dette blir reversert, seier Aspaker.