Endringar blant dei politiske rådgivarane

Statsministerens kontor har engasjert Thomas Lien som politisk rådgivar for kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby.

Politisk rådgivar Britt Giske Andersen fråtrer som politisk rådgivar for næringsminister Iselin Nybø.

Politisk rådgivar Lars Øye Brandsås fråtrer som politisk rådgivar for kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby, og er engasjert som politisk rådgivar for næringsminister Iselin Nybø.

 

Regjeringa er utgått frå Høgre (H), Venstre (V) og Kristeleg Folkeparti (KrF). Dei politiske rådgivarane er:

For statsminister Erna Solberg (H)
Hannah Sumeja Atic (H)

For kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby (V)
Thomas Lien (V)

For barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad (KrF)
Maria Moe (KrF)

For finansminister Jan Tore Sanner (H)
Serine Jonassen (H)

For justis- og beredskapsminister Monica Mæland (H)
Kristoffer Aardal Hanssen (H)

For helse- og omsorgsminister Bent Høie (H)
Saliba Andreas Korkunc (H)

For utanriksminister Ine Eriksen Søreide (H)
Marte Ziolkowski (H) – konstituert statssekretær frå 1. oktober 2020 til 20. januar 2021
Vetle Langedahl (H) – frå 1. oktober 2020 til 20. januar 2021

For distrikts- og digitaliseringsminister Linda Hofstad Helleland (H)
Kaia Jarlsby (H) 

For forsvarsminister Frank Bakke-Jensen (H)
Johannes Utvåg (H)

For kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup (H)
Jenny Clemet von Tetzschner (H)

For næringsminister Iselin Nybø (V)
Lars Øye Brandsås (V)

For samferdselsminister Knut Arild Hareide (KrF)
Stig-Øyvind Blystad  (KrF)

For landbruks- og matminister Olaug Vervik Bollestad (KrF)
Erlend Kjærnsrød (KrF)

For utviklingsminister Dag Inge Ulstein (KrF)
Kristine Gripsgård (KrF)

For forskings- og høgare utdanningsminister og arbeids- og sosialminister Henrik Asheim (H)
Therese Eia Lerøen (H)
Embla Belsvik (H)

For kultur- og likestillingsminister Abid Raja (V)
Emma Lind (V)

For olje- og energiminister Tina Bru (H)
Erlend Jordal (H)

For klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V)
Even Aronsen (V)

For fiskeri- og sjømatminister Odd Emil Ingebrigtsen
Vanja Terentieff (H)