Vis heile kalenderen

09.12.2015

  • Finansminister Siv Jensen mottar rapport fra Grøn skattekommisjon

    Siv Jensen| Finansdepartementet

    Sted: Finansdepartementet

    Grøn skattekommisjon overrekker sin rapport til finansminister Siv Jensen 9. desember 2015. Pressa er velkomen. Påmelding er påkravd.

    Grøn skattekommisjon vart oppnemnd av Regjeringa Solberg 15. august 2014. Utvalet skulle blant anna vurdere om og korleis ein ved auka bruk av klima- og miljøretta avgifter, og reduksjonar i andre skattar og avgifter, kan oppnå både lågare utslipp av klimagass, eit betre miljø og ei god økonomisk utvikling. Klikk her for meir om kommisjonen.

    Overrekkinga vart utsett ei veke til 9. desember grunna utsettinga av finansdebatten i Stortinget.

    Tid: 9. desember 2015, kl 10

    Stad: Finansdepartementet, Akersgata 40

    Påmelding: Send til presse@fin.dep.no Frist: Måndag 8. desember kl. 14.00

    Av omsyn til tryggleiken er det nødvendig med gyldig legitimasjon og pressekort. Vi ber også om oppmøte i god tid og seinast kl. 09.45.