Fiskeriministeren til Sørlandet
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Nærings- og fiskeridepartementet
Pressemelding | Dato: 02.08.2019
Fiskeriministeren prøver seg som rekefiskar neste veke.
- Eg gler meg til å ha ein arbeidsdag på sjøen. Sørlandet har lange tradisjonar som sjømatregion. Sjømatnæringa i sør skaper mange arbeidsplasser, og er viktig for mange lokalsamfunn langs kysten. Eg ser fram til lære meir om korleis det er å jobbe som rekefiskar, og til å møte folk og bedrifter, seier fiskeriminister Harald T. Nesvik.
Tysdag og onsdag neste veke besøker fiskeriministeren Lindesnes og Mandal.
Fiskeriministeren ba tidlegare i år bedrifter i sjømatnæringa om å invitere han til ein arbeidsdag. Nesvik har mellom anna jobba på klippfiskbedrift og i oppdrettsæringa. Nå står Sørlandet for tur, og her skal han altså prøve seg som rekefiskar saman med Lennart Danielsen frå Mandal om bord på fiskebåten "Rosenvoll".
Nesvik skal i tillegg møte representantar frå næringa. Tysdag besøker han Under. Restauranten opna i vår, og er fullbooka langt fram i tid. I tillegg skal Nesvik møte Jentan på Båly. Her skal han få høyre om prosjektet "Hils på fisken", som skal få born til å ete meir sjømat.
Onsdag startar Nesvik dagen om bord på Rosenvoll. Møte med Fiskarlaget Sør, Skalldyrfestivalen og besøk til Tregde feriesenter står og på programmet. Tema hos Tregde er turistfiske.
Tysdag 6. august
Kl 17: Restaurant Under
Kl 18: Jentan på Båly
Onsdag 7. august
Kl 09: Arbeidsdag på "Rosenvoll". Presse som ønsker å delta må melde seg på. Redningstenesten i Mandal hjelper til med transport ut til båten. Oppmøte for pressa på Gismerøya kl 11:00.
Kl 14:30: Møte med Skalldyrfestivalen, Gismerøya.
Kl 15:00: Møte med Fiskarlaget Sør, Gismerøya.
Kl 16:15: Tregde feriesenter, Mandal.