Fleire reiser kollektivt til og frå arbeid

- I Oslo stod kollektivtransporten i 2013/14 for 42 prosent av alle reiser til og frå arbeid, ein auke på to prosentpoeng frå 2009. Tala er henta frå ei ny reisevaneundersøking som Transportøkonomisk institutt har gjennomført for Samferdselsdepartementet og dei statlege transportetatane. Kollektivtransporttilbodet er blitt markert forbetra dei siste åra. For heile landet sett under eitt er det 30 prosent som har et svært godt tilbod, det vil seie minst fire avgangar per time og mindre enn ein kilometer til nærmaste haldeplass. Dette er ein auke på fire prosentpoeng frå 2009, seier statssekretær John-Ragnar Aarset i Samferdseldepartementet.

Undersøkinga skal mellom anna nyttast som grunnlag for vidare arbeid med ny Nasjonal transportplan.  

I eit foredrag ved årskonferansen til Kollektivtransportforum i Oslo i dag orienterte statssekretæren også om  arbeidet med å få til bymiljøavtalar mellom staten og storbyområda.

- Dei to storbyområda Oslo/Akershus og Trondheim har kome lengst i å oppfylle krava til slike avtalar. For desse byområda legg vi opp til å starte forhandlingar om bymiljøavtalar tidleg i 2015. I Bergen og Stavanger er ein gang med lokale prosessar med å vidareføre bypakker, arealplanlegging og lokal bompengefinansiering, noko som kan føre til at det relativt raskt kan bli aktuelt med forhandlingar om bymiljøavtalar også i desse regionane, seier statssekretær Aarset.

 

 

Til redaksjonen:

”Den nasjonale reisevaneundersøkelsen 2013/14 – nøkkelrapport”: Sjå pressemelding av 2. februar fra Transportøkonomisk institutt (med lenkje til TØI-rapport 1383/2014).