Foreslår strengare krav mot luftforureining

Regjeringa ønsker å senke grensene for kor mykje svevestøv som skal vere tillate i lufta. Dette betyr at terskelen for å setje i gang tiltak mot luftforureining blir lågare.

Luftforureining er det miljøproblemet i Noreg som har størst innverknad på helsa til menneske. Svevestøv er små, luftborne partiklar som varierer i storleik og samansetning og som kan pustast inn. Kvart år anslår ein at rundt 1300 personar i Noreg døyr for tidleg på grunn av eksponering for svevestøv og anna luftforureining.

- Det er særs viktig å få ned luftforureininga. Det er bra for folks trivsel og helse. For enkelte kan luftforureining vere  livstruande. Når vi foreslår å senke grenseverdiane for kva som blir rekna som lovleg partikkelforureining, gjer vi det fordi vi meiner dett er viktig for både folkehelsa og miljøet, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V).

Dei nye grenseverdiane for luftforureining er no lagt ut på høyring.

- Ei ekspertgruppe har vurdert korleis nye og lågare verdiar vil verke på samfunnet. Dei har komme til at ein kan oppnå ein stor helseeffekt i befolkninga mot ein relativt liten kostnad for samfunnet elles, seier Rotevatn (V).

Luftforureining er eit problem som varierer rundt om i Noreg. Dei viktigaste kjeldene til luftforureining er partiklar frå biltrafikk og vegslitasje, men partiklar frå industri, skipsfart og vedfyring kan òg bidra negativt på luftkvaliteten. Kva tiltak som eignar seg best for å redusera luftforureininga vil derfor variera lokalt, og det vil ofte vera opp til kommunane å bestemme kva tiltak som skal brukast. Å senke terskelen for kor mykje luftforureining ein tillét, betyr at ein tolererer mindre forureining før ein må setje inn tiltak. Aktuelle tiltak kan vere miljøfartsgrenser, vasking av vegar og tunelltak for å fjerne støv, auka piggfriandel eller auka utskifting frå eldre til nye vedfyringsomnar.

Det nye forslaget har bakgrunn i ei samla oppmoding frå blant anna Miljødirektoratet, Statens vegvesen og Folkehelseinstituttet om å skjerpe grenseverdiane for svevestøv. I forslaget skal dei nye verdiane gjelde frå 1. januar 2022. Regjeringa foreslår å endre verdiane til følgjande:

  • PM10 årsmiddel: 20 µg/m3 (mikrogram pr kubikkmeter) (ned fra dagens 25 µg/m3)
  • PM10, antall tillatte overskridelser av døgnmiddel 50 µg/m3: 25 (ned fra dagens 30)
  • PM2,5 årsmiddel: 10 µg/m3 (ned fra dagens 15 µg/m3)

Ordliste

PM10 – Partikler med aeorodynamisk diamenter under 10 mikrometer (µm)

PM2,5 – Partikler med aeorodynamisk diamenter under 2,5 mikrometer (µm)

Årsmiddel – Gjennomsnittskonsentrasjon for eit kalenderår

Døgnmiddel – Gjennomsnittskonsentrasjon for eit døgn