Forlenger mellombelse reglar for fordrivne

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Regjeringa sender i dag på høyring forslag om å vidareføre dei mellombelse reglane i lovverket som gjeld for fordrivne frå Ukraina.

– Den brutale krigen i Ukraina held fram. Derfor må vi planlegge for at det framleis kjem mange som søker vern i Noreg. Vi vil derfor føre vidare og tilpasse reglane, seier arbeids- og inkluderingsminister Marte Mjøs Persen.

I høyringsnotatet foreslår regjeringa å vidareføre dei mellombelse reglane i integreringslova som vart vedteke 7. juni 2022 med enkelte endringar og presiseringar.

– For å bidra til at vaksne så raskt som mogleg kan komme ut i arbeid, foreslår vi å utvide retten til kartlegging av kompetanse for deltakarar i introduksjonsprogrammet til å vere ei plikt, seier Mjøs Persen.

Regjeringa foreslår også ei mellombels endring i husleigelova om tilgang til å inngå kortare leigeavtalar for fritidsbustader, for å støtte arbeidet i kommunane med å busetje mange fordrivne og flyktningar.

Bidra til trygt opphald

Russlands åtakskrig har ført til millionar av flyktningar i Europa. Over 33 000 menneske fekk innvilga mellombels kollektivt vern i Noreg i 2022. Regjeringa legg til grunn at dei fleste som fekk mellombels kollektivt vern i 2022, vert verande også i 2023. Regjeringa planlegg for at mange vil flykte til Noreg også i 2023.

– Den grunnleggande målsetjinga til regjeringa er at dei fordrivne frå Ukraina får eit trygt og godt opphald i Noreg ,og raskt kan delta i det norske samfunnet. Borna skal få gå på skule, og vaksne skal få jobbe eller vere i annan aktivitet, seier arbeids- og inkluderingsministeren.

Alle forslaga i høyringsnotatet er mellombelse og skal opphevast seinast 1. juli 2024. Dersom det på dette tidspunktet er behov for å føre vidare enkelte reglar, vil det vurderast og høyrast på nytt.

Forslaget vert sendt på høyring, med forkorta frist på fem veker, for å sikre at lovproposisjonen raskt kan fremjast for Stortinget