Forskning og innovasjon for auka verdiskaping

Statssekretær Hanne Maren Blåfjelldal opna i dag BIONÆR sitt seminar for aktørar i norsk næringsmiddelindustri på Lillestrøm.

Statssekretær Hanne Maren Blåfjelldal opna i dag BIONÆR sitt seminar om forsking og utvikling for innovasjon og verdiskaping i næringsmiddelindustrien på Lillestrøm.

- Norsk næringsmiddelindustri møter ein stadig aukande internasjonal konkurranse.  Forskning og innovasjon er avgjerande for å vidareføre ein nasjonalt basert produksjon. I likskap med andre sektorer har også næringsmiddelindustrien et stort potensial for vidareutvikling og effektivisering. Næringsmiddelindustrien må ta tak i, og nytte dei moglegheitane som ligger i ny kunnskap og teknologiutvikling, seier Blåfjelldal. 

Framtidens mattrender og lønnsomme muligheter
Målretta forsking og utvikling for innovasjon og verdiskaping i norsk næringsmiddelindustri var tema på eit seminar i regi av BIONÆR-programmet i Forskningsrådet, SkatteFUNN, Fondet for forskingsavgift på landbruksprodukter og forskingsmidler over Jordbruksavtalen (FFL/JA). Representantar frå norsk næringsmiddelindustri, produsentar, leverandørar, forskarar, departement, bransjeorganisasjonar og representanter frå virkemiddelapparatet var samla.

Statssekretær Hanne Maren Blåfjelldal
Statssekretær Hanne Maren Blåfjelldal opna i dag BIONÆR sitt seminar om forsking og utvikling for innovasjon og verdiskaping i næringsmiddelindustrien på Lillestrøm. (Foto: Torbjørn Tandberg)