Historisk arkiv

Friskmelder Raumavassdraga

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Klima- og miljødepartementet

Klima- og miljøminister Ola Elvestuen (V) kallar kampen mot gyro-parasitten ein suksess etter at Mattilsynet har friskmeldt Raumavassdraga i Møre og Romsdal. Friskmeldinga er resultat av ein 40 år lang kamp mot lakseparasitten Gyrodactylus salaris.

– Friskmeldinga av Raumavassdraga høver særs fint no i Villaksens år. Dette er eit langt steg nærare målet om å få fjerna gyro-parasitten frå Noreg, seier Ola Elvestuen.

Lakseparasitten Gyrodactylus salaris er ein framand, skadeleg art som har vore funnen i 17 regionar i landet. No står det att to regionar som treng tiltak – Drammensregionen og Drivaregionen. I Driva er det bygd ei fiskesperre som første fase i å nedkjempe parasitten der.

I Raumavassdraga vart det nytta rotenon-gift for å fjerne parasitten i 2013 og 2014. Etter det fekk elvane fem år karantene. No kan ein slå fast at parasitten er heilt borte frå desse vassdraga.

– Arbeidet for å bli kvitt gyro-parasitten har vore langvarig og hardt, men er i det store og heile ein suksess. Denne parasitten kunne ha utrydda alt av laksebestandar i Noreg, men no har vi kontroll på denne trugselen, seier Elvestuen.

Heilt sidan lakseparasitten Gyrodactylus salaris vart innført til Noreg, har styresmaktene hatt som mål å fjerne parasitten. Det har òg vore viktig å hindre at han spreier seg.

Genmaterialet frå laksebestandane i Raumavassdraga har vore teke vare på i Herje genbank i Ålesund. Laksen i dei friskmelde vassdraga vil difor vere genetisk tilpassa dei lokale tilhøva. Klima- og miljøminister Ola Elvestuen besøkte genbanken etter friskmeldinga av Raumavassdraga.

Pressemelding frå Mattilsynet

Pressemelding frå Fylkesmannen