EU-erklæring om felles holdning mot Libya

Den 16. mai sluttet Norge seg til EU-erklæringen om felles holdning mot Libya.

Erklæring frå den høge representanten på vegner av Den europeiske unionen om at visse tredjeland sluttar seg til rådsavgjerd 2013/45/FUSP og rådsavgjerd 2013/182/FUSP om endring av rådsavgjerd 2011/137/FUSP om restriktive tiltak i lys av situasjonen i Libya 

Den 22. januar 2013 vedtok Rådet avgjerd 2013/45/FUSP1 om endring av rådsavgjerd 2011/137/FUSP.

Rådsavgjerda fastset at medlemslanda i EU kan gje løyve til å frigje visse frosne pengar og formuesgode dersom dei er ??gjenstand for ei rettsleg eller administrativ avgjerd som er vedteken i EU, eller ei rettsleg avgjerd som er rettskraftig i ein medlemsstat. I tillegg vil det endra regelverket leggje til rette for utveksling av informasjon mellom medlemsstatane i EU og dei relevante styresmaktene i Libya, slik at ??underslegne midlar kan krevjast tilbake. Avgjerda endrar og oppdaterer lista over personar og einingar som er omfatta av restriktive tiltak som fastsett i vedlegg I, II, III og IV til avgjerd 2011/137/FUSP.

Den 22. april 2013 vedtok rådet avgjerd 2013/182/FUSP2 om endring av rådsavgjerd 2010/137/FUSP.

Rådsavgjerda fjernar ein person frå lista over personar og einingar som fastsett i vedlegg II og IV til avgjerd 2010/137/FUSP og gjennomfører resolusjon 2095 (2013) frå FNs tryggingsråd.

Det tiltredande landet Kroatia*, søkjarlanda Tyrkia, Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia *, Montenegro*, Island+ og Serbia*, det potensielle søkjarlandet Albania, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, EFTA-landa Liechtenstein og Noreg, som er medlemer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, Republikken Moldova, Armenia og Georgia sluttar seg til desse avgjerdene

Dei vil sørgje for at den nasjonale politikken deira er i samsvar med desse rådsavgjerdene.

Den europeiske unionen merkjer seg dette engasjementet og seier seg glad for det. 

1 Kunngjord 23.1.2013 i Tidend for Den europeiske unionen L 20, s. 60.

2 Kunngjord 23.4.2013 i Tidend for Den europeiske unionen L 111, s. 50.

* Kroatia, Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia, Montenegro og Serbia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.

+ Island er framleis medlem av EFTA og Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet.