Fylkesnytt frå Møre og Romsdal 1/2016

Fylkesmannen i Møre og Romsdal er ute med ei ny utgåve av Fylkesnytt, mellom anna med ein artikkel om Landbruksmeldinga som skal reviderast.

Landbruksmeldinga skal reviderast

Til hausten er det fire år sidan landbruksmeldinga for Møre og Romsdal vart lagt fram for fylkestinget. Tida er inne for å gå gjennom stoffet på nytt. Etter planen skal vi bruke 2016 til skriving, og vi siktar mot handsaming på fylkestinget i desember 2016. 

Den nye meldinga skal bygge på dokumentet frå 2012, men tida er inne for å drøfte viktige endringar i samfunn og landbruksnæring. Vi ønskjer å fokusere på viktige spørsmål som Det grøne skiftet, lausdriftskravet og investeringsbehov, og ikkje minst den lokale landbruksnæringa i eit miljøperspektiv. Den nye meldinga tar opp i seg Strategiplan for skogbruket, og skal dekkje heile landbruket.

Omsetninga i første ledd i næringa utgjer berre ein liten del i ei stor verdikjede. Landbruksmeldinga viser status og utvikling siste åra, og set fokus på viktige utfordringar i framtida.
Omsetninga i første ledd i næringa utgjer berre ein liten del i ei stor verdikjede. Landbruksmeldinga viser status og utvikling siste åra, og set fokus på viktige utfordringar i framtida. Foto: Fylkesmannen i Møre og Romsdal

Kontaktpersonar:
Assisterande landbruksdirektør Ottar Longva, 71 25 84 02, fmmrotlo@fylkesmannen.no
Seniorrådgivar Synnøve Valle, 71 25 84 28, fmmrsyva@fylkesmannen.no

Gode matopplevingar skal trekkje fleire turistar til Møre og Romsdal

I matfylket Møre og Romsdal må det bli betre tilbud på gode matopplevingar basert på kortreist mat og lokale mattradisjonar. Fylkesmannen ønskjer å bidra ved å delta i prosjektet, «Mat og reiseliv i Møre og Romsdal – grøn og blå sektor». 

Reiselivet er ein viktig marknad for både store og små matprodusentar. Mange av dei attraktive reisemåla i Møre og Romsdal ligg i viktige landbrukskommunar, så det  er naturleg med eit aktivt samarbeid mellom matprodusentar og reiselivsaktørar. Det er difor svært positivt at fylkesmannen gjennom den regionale partnarskapen er med på den storsatsinga på mat og reiseliv som Møre og Romsdal fylkeskommune no dreg i gang. Regional- og næringsutvalet har sett av 1 900 000 kroner til prosjektet, som skal starte opp i 2016. 

Turistar frå nær og fjern spør meir etter lokale matrettar og tradisjonar.
Turistar frå nær og fjern spør meir etter lokale matrettar og tradisjonar. Foto: Arnold Hoddevik

Prosjektet har fått namnet «Mat og reiseliv i Møre og Romsdal – grøn og blå sektor».

Det er første gong vi her i fylket koplar mat frå både grøn og blå sektor saman med reiseliv. Ei satsing i skjeringspunktet mat – reiseliv, utan å ta med blå sektor, vil vere heilt feil i havbruks- og fiskerifylket Møre og Romsdal. 

Viktig prosjekt for lokal mat og landbruksbasert reiseliv

Fylkesmannen i Møre og Romsdal ser på dette prosjekte som svært viktig for utviklinga innan landbruksbasert reiseliv, og vi kjem til å ha ei aktiv rolle i prosjektet. Landbruksdirektør Frank Madsøy set i styringgsgruppa for prosjektet, og matkontakt Kirsti Indreeide er med i prosjektgruppa. Nils-Henning Nesje, som er styreleiar i Hanen Møre og Romsdal, vil representere gardsmat- og bygdeturismenæringa i styringsgruppa. 

Lokal mat, tradisjonsmat og kortreist mat er høgt verdsett og etterspurt frå turistar. Innovasjon Norge si årlege turistundersøking viser at gode matopplevingar med fokus på kortreiste råvarer og tradisjonsmat er stadig viktigare i reiselivssamanheng. 

Møre og Romsdal - meir enn ein råvareleverandør

Møre og Romsdal er eit stort matfylke, og vi har kjende merkevarer som Jarlsberg og Tingvollost, men likevel har vi ikkje lukkast godt nok med å få dei gode kortreiste matsepsialitetane ut til restaurantane og hotella i fylket. Kvifor har vi ikkje lukkast så godt med dette? Kva skal til for at Møre og Romsdal skal bli kjent som matfylke også i reiselivssamanheng, og ikkje berre som råvare- og produktleverandør? Desse spørsmåla ønsker vi å finne svara på, og også gjere noko med. 

Kompetanse frå Høgskolen for Landbruk og bygdeutvikling

For å få nødvendig kapasitet i etablering av denne satsinga, har fylkeskommunen etter ein anbodsrunde valt å hyre inn Høgskolen for Landbruk og bygdeutvikling. Dette er eit nytt og spennande kompetansemiljø for Møre og Romsdal. 

I oppstartsfasen skal det mellom anna gjennomførast:

  • Kartlegging og analyse av effekter på gjennomførte mat-/reiselivsprosjekt i Møre og Romsdal. Kva er gjort elles i landet på dette området med fokus på tiltak/regionar som har lukkast, med andre ord «Best-Practice».
  • Gjennomføre tre innspelskonferansar med aktørar frå reiseliv og blå og grøn sektor. Det er heilt essensielt å sikre god dialog med næringsaktørane, både for å få nødvendig forankring for satsinga, men ikkje minst få innspel om innretting og kva tiltak ei slik satsing bør innehalde. Desse vil også danne grunnlag for sjølve satsinga. 

  • Les meir om Lokalmatstrategi for Møre og Romsdal hjå Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling (HLB)

Kontaktperson: 
Rådgivar Kirsti Pernille Indreeide, 71 25 85 75, fmmrkiin@fylkesmannen.no  

MRmat - Nettverksbygging og kompetanseheving

Fylkesmannen legg  stor vekt på å støtte dei lokale matnettverka og kompetansemiljøa  i Møre og Romsdal, slik at dei kan ha ei aktiv rolle, når det gjeld rekruttering av produsentar, styrking av den lokale matkulturen og kompetanseheving i næringa. 

MRmat vil bidra til å inspirere og utvikle lokalmatprodusentar og serveringsbedrifter.
MRmat vil bidra til å inspirere og utvikle lokalmatprodusentar og serveringsbedrifter. Foto: Arnold Hoddevik

Kvar vinter arrangerar fylkesmanen MRmat, dvs. fagdagar for lokalmat i samarbeid med Matnavet i Midt-Norge. Her tilbyr vi spisskompetanse innan vidarefordling og menyutvikling av lokale råvarer. I år vert MRmat lagt til reiselivskommunen Rauma, der det lokale Hoppid-kontoret og Restaurant- og matfag på Rauma vgs er aktive medspelarar. I tillegg har vi sjølvsagt eit godt samarbeid med turisthotellet og aktuelle bygdeturismebedrifter i kommunen. 

MRmat  har som mål å bidra til å inspirere og utvikle lokalmatprodusentar og serveringsbedrifter i Møre og Romsdal. Vi vonar difor at dei ni ulike kurstilboda som går parallelt desse to dagane, kan gje fagleg påfyll til ulike mat – og reiselivsbedrifter:

Handverksbakst, Modning av ost, Modningskulturar i ost, Mat i friluft, Kvalitet i bær og frukt, Kjøtkurs, Det gode vertskapet, Kreativt kokkeverksted, Salskurs – slik lukkast du i salsarbeidet 

Kontaktperson:
Rådgivar Kirsti Pernille Indreeide, 71 25 85 75, fmmrkiin@fylkesmannen.no 

Opning av nytt magasin- og utstillingsbygg ved Romsdalsmuseet

9. februar opna Statsministeren det nye magasin- og utstillingsbygget ved Romsdalsmuseet i Molde. Det nye bygget er eit signalbygg, som viser fram moderne trebruk, og tar vare på tradisjonane med å nytte tre som byggemateriale. 

Inspirasjonskjelde for det særmerkte taket er fjelltindane sør om fjorden.
Inspirasjonskjelde for det særmerkte taket er fjelltindane sør om fjorden. Foto: Arnold Hoddevik

Bygget har fått namnet «Krona på verket». Takkonstruksjonen er inspirert av dei mange fjelltoppene på den andre sida av fjorden og frå brudekrona på Romsdalsmuseet. Tredrivaren i Møre og Romsdal har gitt støtte til den tekniske vurderinga av takkonstruksjonen. 

Hovudkonstruksjon i bygget består av limtresøyler og -dragarar i kombinasjon med element i massivtre. Underetasjen er bygd i betong. Utvendige veggar og tak er kledd med royalimpregnert furu. Trekonstruksjonen er reist rundt eit stålskjelett. Innvendig er det nytta om lag 32.000 meter med panel, og det er lagt parkett på dei fleste golv i hovudetasjen. 

Molde har lange tradisjonar for trelast, og fleire nye større bygg har nytta tre som byggemateriale dei siste åra. Det nye terminalbygget ved Molde lufthamn var pilot i Innovasjon Norge sitt prosjekt «Tre og samferdsel», og er bygd i limtre og massivtreelement. I tillegg blir nye Romsdal VGS eit av landets største prosjekt i massivtre.   

Fakta

Stad: Molde
Type bygg: Museumsbygg
Storleik: 3.500 m2
Byggherre: Stiftelsen Romsdalsmuseet
Finansiering: Stat, fylke og kommunar
Prosjektkostnad: 145,5 millionar kroner
Prosjektering alle fag: Norconsult
Byggeleiing: XPRO
Rådgjevar tre: Greeen Advisers
Hovudentreprenør: Røberg Bygg
Arkitekt: Reiulf Ramstad Arkitekter
Leverandør limtre og massivtreelement: Splitkon
Leverandør kledning: Møreroyal, Talgø 

Kontaktperson:
Seniorrådgivar Kåre Kristen Totlund, 71 25 85 72, fmmrkato@fylkesmannen.no 

Framleis stor auke i avverkinga

I 2015 blei det avverka om lag 282 000 m3 tømmer for sal i Møre og Romsdal. Dette er over 20 prosent auke i frå året før, og over ei dobling av hogsten på fem år. Auken kjem som følgje av hausting av skogen som blei planta under skogreisingstida på 50 og 60 – talet.

Det er stor aktivitet i skogane i fylket.
Det er stor aktivitet i skogane i fylket. Foto: Arnold Hoddevik

Det er hogst av gran som har auka, medan avverkinga av furu har vore rundt 20 000m3 dei siste åra. Tidlegare år har aktiviteten vore størst på Nordmøre, og hogsten har vore prega av kampanjar. Dette biletet er no endra, og aktiviteten er meir geografisk fordelt over heile Møre og Romsdal. Surnadal, Halsa, Vestnes, Ørsta og Stranda kommunar har hatt størst avverking i 2015.

Allskog har betra kapasiteten i heile Møre og Romsdal, både med mannskap og maskiner, og kjøpte om lag 77 prosent av omsett tømmer i 2015. Nortømmer har òg aukande aktivitet, og sto for om lag 18 prosent. Hogstauken har gitt grunnlag for fleire lokale hogstentreprenørar, men tømmerkjøparane leiger også inn entreprenørar frå nabofylka i periodar.

I all hovudsak vert alt sagtømmer av gran eksportert til utlandet, medan massevirket går med båt til papirfabrikken på Skogn. Sagtømmeret av furu vert foredla på mindre sagbruk her i fylket. Det er lettare å få omsett gran enn furu, og dette har vore avgrensande for furuhogsten i fylket. Avsetninga av furu laftetømmer er dalande.

Moderne og effektive maskiner arbeider fort og effektivt.
Framkøyring av tømmer. Foto: Arnold Hoddevik

Store volum med tømmer er utfordrande med tanke på logistikk og infrastruktur. Mange vegar har restriksjonar på aksellast. Andre flaskehalsar er bruer som ikkje er bygde for tømmerbilane i dag. Mykje av tømmeret står i bratt terreng med manglande eller svak vegtilkomst. Framleis høg tømmeravverking krev derfor kontinuerleg arbeid med utbetring og tilrettelegging.

Kontaktperson:
Fylkesskogmeister Odd Løset,  71 25 84 08 , fmmrodlo@fylkesmannen.no 

Fokus på nye reglar under skogsamling

Fylkesmannen arrangerte den årlege skogsamlinga for kommunane i Surnadal 16-18. februar. I tillegg til kommunane vart også næringsorganisasjonane (Allskog og Nortømmer) og andre som arbeider med skogbruk i fylket invitert. Dette gjorde at alle som arbeider med skog i fylket vart samla.

Korleis vil nye reglar og standardar påvirke skognæringa?
Korleis vil nye reglar og standardar påvirke skognæringa? Foto: Arnold Hoddevik

Under samlinga gikk vi gjennom skogbruksaktiviteten i 2015, og vi gjekk gjennom nytt regelverk/retningsliner for komande år. PEFC Norge, (Skogsertifiseringssystem) ved Thomas Husum gikk igjennom dei nye reviderte standardane knytt til sertifiserte tømmerkjøparar. Det er til saman 27 dels omfattande  kravpunkt dei må drive skogbruk innanfor. Vi var naturlegvis opptekne av kva det betyr for vårt fylke. Jørn Lileng frå Landbruksdirektoratet hadde ein gjennomgang av den nye forskrifta om planlegging og godkjenning av landbruksveier. Det var bl.a. fleire hjelpemiddel å nytte seg av ved forvaltning av forskrifta. Lileng hadde òg ei oppsummering av korleis forvaltninga skulle forholde seg til PEFC-standardene og lovverket. Under samlinga besøkte vi Møretre i Talgøkonsernet. Her fekk vi bl.a. sjå og høyre om produksjon av MøreRoyal.

Skogsamlinga er ein viktig møteplass, både fagleg og sosialt for dei som arbeider med skogbruk i Møre og Romsdal.

Kontaktperson:
Fylkesskogmeister Odd Løset,  71 25 84 08, fmmrodlo@fylkesmannen.no  

Opning av nytt flisfyringsanlegg i Elnesvågen 

22. februar vart det opna eit nytt flisfyringsanlegg ved Tine sitt anlegg i Elnesvågen i Fræna kommune. Anlegget skal produsere damp og energi til produksjon av ost og til oppvarming av meieriet.

Skogsvirke blir til flis, og flis blir til energi.
Skogsvirke blir til flis, og flis blir til energi. Foto: Fylkesmannen i Møre og Romsdal

Ved å byte ut naturgass, og gå over til fornybar energi, blir det ein årleg reduksjon i utslepp på 2.420 tonn CO2. Det er selskapet Bio Energy AS som eig anlegget og har ansvaret for drifta. Forventa brenselsforbruk er om lag 20.000 kubikkmeter med skogsflis, mens forventa årleg energibehov er om lag 14 Gwh. Anlegget er dermed det største flisfyringsanlegget i fylket. Flisa blir produsert av det lokale firmaet Romsdal Bioenergi AS.

Kontaktperson:
Seniorrådgivar Kåre Kristen Totlund, 71 25 85 72, fmmrkato@fylkesmannen.no