Historisk arkiv

Fylkesnytt frå Rogaland 2/2015

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Fylkesmannen i Rogaland er ute med ei ny utgåve av Fylkesnytt, mellom anna med ein artikkel om Stavanger som har fått eige meieri.

Stavanger har fått eige meieri

Eit gammalt kontorbygg i Stavanger Øst har sidan sommaren husa det som blir omtala som det første by-ysteriet i Noreg. På om lag 100 kvm er det sett i stand flunkande, nye produksjonslokale, modningslager og plass til kursverksemd. 

Bak ysteriet står stavangerjenta Lise Brunborg. Ho har studert på Norges miljø- og biovitenskapelige universitet, og teke mastergrad i kvit geitost. Det var aldri aktuelt å søke jobb i den industrielle osteproduksjonen, for Lise Brunborg ville mykje heller vere ein del av miljøet av små ysteri i Noreg. 

Lise Brunborg.
Lise Brunborg. Foto: Solfrid Sande

Ei stund vurderte ho å kjøpe gard og starte med gardsysteri. Samstundes likte ho seg i byen, og visste frå tidligare jobbar at gardsdrift med allsidig produksjon og ysteri betyr arbeid frå tidleg til seint. I staden for å kjøpe gard, valde ho å flytte osteproduksjonen til byen. Ein god samarbeidspartnar for mjølkelevering fann ho i Kolbjørn Anda som driv gard like utanfor Stavanger.

– Det er fantastisk spennande å vere med på prosjektet. Eg har kjøpt meg ein brukt mjølketank med kjøling, og kjører tre gonger i veka fersk mjølk, til saman rundt 2.000 liter, til Stavanger Øst, seier Anda.   

Lise Brunborg har søkt om tilknyting til Debio, og ventar på økologisk godkjenning i desse dagar.  For økomiljøet i Rogaland blir meieriet eit viktig bidrag som aukar mangfaldet av norske økologiske ostar. Økokontakt hos Fylkesmannen, Annabell Pfluger, ser positivt på at Brunborg våger å satse på både vidareforedling og sal utanfor dei ordinære kanalane. 

Ostane blir selde i den nyleg opna Mathallen i Stavanger, til einskilde butikkar og til Matkompaniet, som sender osten over heile landet. Ho er óg i dialog om levering til restaurantar. Tre produkt er utvikla så langt; «Snedig» som er ein mjuk kvitost, «Ramp» som er ein kremost og «Blåmuggosten». Blåmuggosten godgjer seg på modningslageret, og er ikkje i sal ennå. Stavanger Ysteri har fått støtte frå Innovasjon Norge Rogaland. 

Kontaktperson:
Annabell Pfluger, e-post: fmroapf@fylkesmannen.no, tlf.: 51 56 89 71. 

Rogaland er i gang med klimaskogarbeidet

Hovudstikkorda i klimaskogprosjektet er klimaeffekt, naturverdiar og verdiskaping. Alle tre er avgjerande viktige for at vi skal lukkast med å plante skog på nye areal som klimatiltak. Målet i Rogaland er å balansere desse ulike omsyna på ein god måte, slik at vi får sett planter i jorda til det beste for heilskapen. 

Rogaland er, saman med Nordland og Nord-Trøndelag, deltakarfylke i den nasjonale treårige pilotfasen «planting av skog på nye areal som klimatiltak». Prosjektet i Rogaland starta formelt for snautt tre veker sidan, då Ingeborg Anker-Rasch tok til i stillinga som prosjektleiar. Det blir no arbeidd med å involvere ulike interesser og fagmiljø. Ikkje minst er det viktig at kommunane og næringa i fylket raskt kjem med og får eigarskap til temaet og prosjektet. Utvalde kommunar står allereie klare til å vere «føregangskommunar» i satsinga. 

Balansert omsyn til klima, næring og naturmangfald vil vere ein nøkkel til eit vellukka klimaskogprosjekt i Rogaland.
Balansert omsyn til klima, næring og naturmangfald vil vere ein nøkkel til eit vellukka klimaskogprosjekt i Rogaland.

Kvifor eit slikt prosjekt i Rogaland? Dei tre pilotfylka har alle viktige føresetnader som vil bli «testa» i pilotfasen. Rogaland er først og fremst eit jordbruks- og husdyrfylke, kor ein av dei viktigaste fôrressursane er innmarksbeita. I vårt fylke blir truleg grenseflatene mot innmarksbeita, kystlyngheiane og viktige kulturlandskap viktigast. Samtidig er det areal som er i tidleg attgroingsfase. Areala skal vi finne gjennom godt systematisk arbeid, ikkje minst ved å arbeide målretta med å motivere grunneigarar til å ta del i satsinga. 

Kontaktperson:
Ingeborg Anker- Rasch, e-post: fmroiar@fylkesmannen.no, tlf.: 416 74 089. 

Frå binge til buss – lønsamt biogass-prosjekt på Jæren

Det er gamalt nytt at potensialet for produksjon av biogass på Jæren er stort. Men no i 2015 kan vi vere på starten av det historieboka vil omtale som eit stort nyhende – bøndene på Jæren etablerte fleire biogassanlegg, og blei ein viktig leverandør til det grøne skiftet i mat- og energifylket Rogaland

I regi av selskapet Jæren Biogass AS, er eit pilotanlegg med høgrate biogassreaktor under etablering på eit gardsbruk i Klepp. Bonde Olav Røysland er dagleg leiar i selskapet. 

– Reaktoren for den våte delen av husdyrgjødsla er bestilt, og blir truleg levert om fire veker. Denne reaktoren skal behandle gjødsel med lite tørrstoff. Vi kjem til å separere gjødsla før den går inn i reaktoren. Separeringa gjer det mogleg å justere fosforinnhaldet til det vi ønskjer. Ved separering og bandfilter kan vi få over 90 prosent av fosforet over i tørrstoffet. Den våte bioresten vil då vere ei nitrogenrik gjødsel aktuell for korn- og grasvekstar som har behov for mykje nitrogen, og avgrensa behov for fosfor. Den tørre delen kan vere aktuell for potet og grønsaker, som krev meir fosfor, men ikkje så mykje nitrogen. Reaktoren for den tørre delen blir truleg bestilt innan eit par veker. I tillegg til den tørre fraksjonen av husdyrgjødsla, kan denne reaktoren ta i mot organisk materiale frå landbruket som øydelagt gras, halm, avfall frå grønsaks- og potetproduksjonen osb, fortel Røysland. 

Jæren Biogass AS har gode samarbeidspartnarar i det interkommunale selskapet IVAR (vass-, avløps- og renovasjonstenester), energi- og telekomkonsernet Lyse, Felleskjøpet Rogaland Agder, Klepp Energi og Rogaland fylkeskommune. Jæren Biogass AS har inngått avtale om å kople seg på Klepp Energi sitt rågassnett frå Sele i Klepp (deponigass). Gassen skal i første omgang nyttast til oppvarming i Klepp Energi sitt fjernvarmenett. Men seinare er planen å forlenge rågassnettet til Grødaland i Hå, der IVAR no bygger biogassanlegg (basert på matavfall) med anlegg for oppgradering av biogassen. 

Og når rågassen frå bøndene sine etterkvart mange biogassanleggg blir oppgradert. Ja, då blir gassen fasa inn i naturgassnettet – og er klar til å brukast for drivstoff for bussar og andre firhjulingar. 

Kontaktperson;
Geir Skadberg, e-post:  fmrogsk@fylkesmannen.no, tlf.: 971 74 751. 

12.000 dekar matjord bygd ned i Rogaland dei siste 10 åra

KOSTRA-rapporteringa viser at det i Rogaland blei omdisponert 1.519 dekar dyrka jord i 2014. Dette er ein klar auke frå dei siste åra, men lågare enn «toppåra» 2006 og 2009.  

Tal dekar omdisponert dyrka jord i dekar frå 2005 til 2014. Kjelde: SSB/KOSTRA
Tal dekar omdisponert dyrka jord i dekar frå 2005 til 2014. Kjelde: SSB/KOSTRA

Rogaland har om lag 10 prosent av jordbruksarealet i Norge. Sett i forhold til nasjonale mål bør Rogaland ikkje omdisponere meir enn 500-600 dekar årleg. Omfanget dei siste åra har i snitt vore om lag 1.200 dekar. Rogaland må derfor halvere si årlege nedbygginga av dyrka jord dersom arealbruken skal vere innafor det nasjonale jordvernmålet. Siste års tal peiker i feil retning. 

Omdisponering siste 10 år

Rapporteringa om omdisponering av dyrka og dyrkbar jord i Noreg har no skjedd gjennom KOSTRA-systemet i 10 år. Statistikken viser at matfylket Rogaland i perioden 2005-2014 har bygd ned 11.735 dekar dyrka jord. Dette utgjer om lag 2.000 fotballbaner, all dyrka jord i Randaberg kommune eller nær halvparten av all dyrka jord i Sola kommune. Rogaland er det fylket som omdisponarer mest matjord til utbyggingsføremål i Noreg. Jæren står for det meste av omdisponeringa i fylket, med heile 78 prosent. Jærkommunane har stått for om lag 12 prosent av omdisponeringa i heile landet. 

Utvikling i tal dekar omdisponert dyrka jord i Noreg frå 2005 til 2014. Kjelde: SSB/KOSTRA
Utvikling i tal dekar omdisponert dyrka jord i Noreg frå 2005 til 2014. Kjelde: SSB/KOSTRA
Utvikling i tal dekar omdisponert dyrka jord i Rogaland frå 2005 til 2014. Kjelde: SSB/KOSTRA
Utvikling i tal dekar omdisponert dyrka jord i Rogaland frå 2005 til 2014. Kjelde: SSB/KOSTRA

Jordvern må på dagsorden i planarbeidet

Regionalplan Jæren har sidan 2001 hatt langsiktig grense for landbruk og kjerneområde landbruk. Grensene har i hovudsak blitt respekterte, men i seinare tid er dei blitt utfordra i forslag til kommuneplanar, særleg i Sola kommune.  Dei høge omdisponeringstala på Jæren er på mange måtar ei direkte følgje av regionalplanen, ved at store areal gjennom planen er definerte som framtidige byggeområde. KOSTRA-tala understrekar at hushaldering, transformasjon og fortetting ved kollektivknutepunkt og kollektivaksar må prioriterast framover for å sikre nasjonale jordverninteresser og matjorda på Jæren. Mange kommunar skal etter valet i gang med rullering av kommuneplanane. Det blir avgjerande at kommunane i Rogaland følgjer dette opp i sine planar, med klare strategiar for korleis omdisponering av dyrka jord kan reduserast. 

I valkampen har jordvern vore eit sentralt tema i Rogaland og på Jæren. I ulike «valgomater» har ein fått spørsmål om jordvern, og temaet er løfta fram i fleire debattar, avisartiklar og  tv-/radioinnslag.  Merksemda rundt jordvern blir viktig i neste kommunestyreperiode, der viktig planarbeid skal gjerast, og viktige avgjersler skal takast. 

Kontaktperson:
Knut Harald Dobbe, e-post: fmrokhd@fylkesmannen.no, tlf.: 51 56 89 61. 

Vellukka rekruttering og kompetanseheving innan birøkt i Rogaland

Rogaland Birøktarlag har lukkast med å få ny giv i birøktarnæringa. I 2013 blei det sett i gang eit prosjekt med rekruttering og kompetanseheving innan birøkt i Rogaland. Allereie før prosjektet er ferdig kan vi konkludere med at det er ein stor suksess. 

Prosjektet har fått stønad frå Rogaland fylkeskommune og Fylkesmannen i Rogaland. Anja Laupstad Vatland blei hyra inn som prosjektleiar, og har jobba med å motivera dei tillitsvalde i lokallaga til å organisera kurs og å skaffe kursdeltakarar. Det har også vore retta innsats for å få merksemd i media. 

Til nå har om lag 170 personar gått på nybegynnarkurs, og 38 på ulike vidaregåande kurs. Det blir eit stort behov for vidaregåande kurs dei neste åra. Med den vitaliseringa som har vore av lokallaga, reknar vi også med at interessa for nybegynnarkurs vil halde seg. 

Utvikling i tal nye birøktarar frå 2006 til 2015. Kjelde Norsk birøktarlag
Utvikling i tal nye birøktarar frå 2006 til 2015. Kjelde Norsk birøktarlag

I prosjektperioden har om lag 50 personer slutta med bier. Mange av desse hadde venta i årevis på å få selje biene. Det har vore stor mangel på bikubar for sal i perioden, og bikubane har til dels blitt rasjonerte ut. Det er framleis ein del som venter på å få dei fyrste bikubane. Utfordringa dei neste åra blir å følja opp alle dei nye birøktarane, og å skaffa nok bier. 

Fordeling av birøktarar etter tal år med erfaring.
Fordeling av birøktarar etter tal år med erfaring.

Gjennom prosjektet har vi lukkast med å få til eit generasjonsskifte i næringen, og gjennomsnittsalderen har gått kraftig ned. Dei fleste som går på kurs er 30-45 år, og er etablerte barnefamiliar. I mange tilfelle går begge ektefellene på kurs. Dei som har slutta var for det meste over 70 år. 

Brorparten av dei som startar med bier har ikkje ambisjonar om å bli storbirøktarar, men kan få ambisjonar om dette etter ei tid. 10-20 prosent har ambisjonar om å bli ein større produsent og ha dette som ein viktig del av inntektsgrunnlaget. Både bønder og personar som ikkje er knytte til gardsbruk ønskjer å satse. På grunn av biemangel så har dei fleste ikkje greidd å komma opp i ein storleik som gjer at dei er kvalifiserte til å søkje om produksjonstilskot. 

Det blir spennande å sjå korleis næringa utviklar seg i etterkant av prosjektet. Rogaland birøktarlag er blitt meir slagkraftig enn på mange tiår. Talet på birøktarar har gått frå ein årleg nedgang på om lag fem prosent til ein massiv auke. Den massive medgangen prosjektet har ført til vil forhåpentleg fortsette i mange år framover. 

Kontaktperson:
Morten Svanes, e-post: fmromsv@fylkesmannen.no, tlf.: 51 56 89 74. 

Fruktsafari har sytt for meir norsk frukt i Rogaland 

Ein fruktsafari til Ombo i mars 2014 gav ny inspirasjon til 25 nye og eksisterande fruktdyrkarar i Ryfylke. Ekteparet Roald Vold og Marianne Kåsen på Jørstad har revolusjonert fruktdyrkinga ved å plante etter «tett-plantingsprinsippet». Her blir gjødsel nøye tilmålt og tilført gjennom eit dryppvatningssystem. Kontrollsystema følgjer dei same prinsippa som er vanlege i tomatdyrkinga i veksthus. Ved å dyrke etter denne metoden kan fruktprodusentane auke avlingane sine tre-fire gonger i høve til tradisjonell fruktdyrking. Mange fruktbønder i Rogaland har hatt dårlegare avlingar i år enn tidlegare, men Roald Vold og Marianne Kåsen på Ombo i Ryfylke trur på normalavling og gjerne litt meir. 

Epler.
Epler. Foto: Kari Sand

Interessa for den nye dyrkingsteknikken var god, og ny fruktsafari blei arrangert i august 2014. Då med dobbelt så mange deltakarar. Samstundes laga Fylkesmannen i Rogaland eit kriteriedokument om investeringsstøtte til etablering og vidareutvikling av frukthagar. Dette ga ein ny giv til fruktdyrkarane i heile Rogaland, men kanskje spesielt i Ryfylke. Ein av deltakarane hadde vore usikker på om han i det heile skulle overta fruktgarden heime, men etter desse samlingane vart han overtydd om at dette var framtida. Han var den første som sende inn søknad til Innovasjon Norge om etablering av frukthage etter dei nye retningslinene. 

Investeringslysta var stor, og fleire søknader kom til Innovasjon Norge. Investeringar på 15 millionar kroner har hittil gitt 4,55 millionar kroner i tilskot og nesten 110 dekar med nye frukttre. Av desse er 24,4 dekar heilt nye fruktfelt. Alle desse felta er planta etter tett-plantingsprinsippet, og kjem til å gi over 250 tonn meir frukt samanlikna med tradisjonell fruktdyrking. 

I Rogaland var det tomt for IBU-midlar hos Innovasjon Norge i juni. Då var det fleire fruktdyrkarar som var i gang med nye søknader. Desse må vente til neste år. Fruktdyrkarane fortel at denne satsinga har gitt dei tru på framtida og at dei diskuterer med neste generasjon om kva investeringar dei skal gjere. Fleire samlingar, fruktsafariar og studieturar til Sør-Tyrol gir inspirasjon og tru på at fruktdyrking er lønsamt og framtida.  

Ny dyrkingsmetode, optimisme, brei mobilisering, inspirasjon, kriteriedokument og god utteljing hos Innovasjon Norge har gitt svært gode resultat for fruktdyrkinga i Rogaland.

Fruktsafari hjå Roald Vold og Marianne Kåsen på Ombo i Ryfylke
Fruktsafari hjå Roald Vold og Marianne Kåsen på Ombo i Ryfylke Foto: Fylkesmannen i Rogaland
Fruktsafari hjå Roald Vold og Marianne Kåsen på Ombo i Ryfylke.
Fruktsafari hjå Roald Vold og Marianne Kåsen på Ombo i Ryfylke. Foto: Kari Sand

Kontaktperson
Kari Sand, e-post: kari.sand@strand.kommune.no, tlf.: 950 31 190.  

Nasjonal Inn på tunet-konferanse - med meistring som ballast - Stavanger 2. -3. november 

Korleis kan landbruket og kontakt med natur og dyr gje meistring og helsegevinst for utsette barn og unge?

Fylkesmannen i Rogaland, saman med nabofylka på Sør- og Vestlandet, arrangerer nasjonal Inn på tunet-konferanse på Clarion Hotel Energy i Stavanger 2.-3. november i år. 

På konferansen ønskjer vi å setje eit ekstra fokus på utsette barn og unge, og sjå på korleis landbruket kan medverke til betre oppvekstvilkår for denne målgruppa. Bruk av planter, dyr og natur i pedagogisk og terapeutisk samanheng blir sett på dagsorden. 

Det blir lagt vekt på å presentere ny kunnskap og nye strategiar basert på både nasjonal og internasjonal forsking. Andre aktuelle stikkord er drop-out-problematikk, bruk av alternative opplæringsarenaer i skulen, sosialt entreprenørskap og tverrfagleg samarbeid som suksessfaktor. 

Det blir eit rikhaldig og omfattande program, med tre parallellsesjonar. Fylkesmann Magnhild Meltveit Kleppa opnar konferansen saman med landbruks- og matminister Sylvi Listhaug og statssekretær Birgitte Jordahl frå Kunnskapsdepartementet. Eit av hovudinnlegga blir frå det nasjonale Læringsmiljøsenteret ved Universitetet i Stavanger, der universitetslektor Svein Erik Nergaard tar opp temaet «Alternative opplæringsarenaer – elevens redning eller utstøyting og segregering?». Professor Victor Normann frå Norges Handelshøgskule deltek i programmet første dag, medan professor Per Fugelli held avslutningsinnlegget før lunsj dag to. Det blir også lagt opp til eit stort utstillingsområde med presentasjon av materiell og aktuell litteratur frå både FoU-miljøa, fylkesmennene og aktuelle brukar- og tilbydarorganisasjonar. 

Etter den nasjonale konferansen blir det arrangert ei nordisk samling for forskarar og aktuelle FoU-miljø. Her blir det innlegg frå kvart av dei nordiske landa om korleis dei jobbar med «grøne velferdstenester» i sine respektive land. Det blir også nokre gjestar frå andre europeiske land. Vi voner med dette å samle aktuelle FoU-miljø både i Noreg og Norden til meir fokus og forsking på Inn på tunet m.fl. «grøne velferdstilbod». Alle er velkomne også på denne samlinga, som blir på engelsk. 

Kontaktperson
Bjørn S. Berg, e-post: fmrobsb@fylkesmannen.no tlf.: 51 56 89 93.