Fylkesnytt frå Vestland 1/2022

Dette innhaldet er meir enn 2 år gammalt.

Her kjem ny utgåve av Fylkesnytt frå Statsforvaltaren i Vestland. Her kan du mellom anna lese artiklar om satsing for berekraftig landbruk.

Forum landbruksplast – ein ny nasjonal møteplass

I elvar på Vestlandet er det funne tre gongar så mykje plast frå landbruket som frå alle andre kjelder til saman. Det nasjonale Forum landbruksplast har som mål å samle kreftene, for å finne gode løysingar på dette problemet.

Rundballar på Herdla.
Rundballar på Herdla. Foto: Ingvar Grastveit

I 2020 brukte landbruket over 13 875 tonn plastemballasje. Sjølv om 95 prosent av dette blir gjenvunne, er det likevel 650 tonn som ikkje blir gjort greie for, og som mellom anna forureinar vassdraga våre. (Kjelde: Grønt punkt).

Forum landbruksplast består av representantar frå landbruksføretak, organisasjonar og verksemder, renovasjonsselskap, forsking, utdanning og forvaltning. Saman skal aktørane i forumet skape aktivitet som medverkar til å redusere og få betre kontroll på landbruksplasten. Dette gjeld både det som er allereie finst i naturen i dag, og plast som står i fare for å bli ei kjelde til vidare forsøpling.  

Aktivitetar og aksjonar

Heilt konkret vil medlemmene i Forum landbruksplast stå i bresjen for ulike typar aktivitet og aksjonar knytt til plast. Ved å kople ulike aktørar i plasten si verdikjede skal forumet fungere som ein inkubator for løysingar, og opne opp for idear, prosjekt, kampanjar og utviklingsarbeid innan feltet.

Plattforma er historisk med tanke på at alle aktørar samlast på ein plass. Difor er det knytt store forventningar til synergieffektane dette vil gje. Forumet har etablert ei mellombels nettside, som skal tilby informasjon til nytte for alle med interesse for temaet.

Mellom initiativtakarane er Vestland Bondelag, Bonde- og Småbrukarlaget (Hordaland og Sogn og Fjordane), Grønt Punkt, NLR Vest, miljø- og landbruksavdelinga hjå Statsforvaltaren i Vestland, Alver kommune, Vestland fylkeskommune, Bioregion Institute, IHM Voss, Felleskjøpet Agri, Grøntutvalget, NORCE, Bergen kommune og Bergen og Omland Friluftsråd.

Interessa for forumet strekte seg raskt ut over Vestland sine grenser, og forumet dekkjer no heile landet. Det ideelle selskapet Bioregion Institute fungerer som prosjektdrivar.

Kontaktperson:
Dirk Kohlmann, fmhodkt@statsforvalteren.no, tlf. 412 96 550.

Vestland arrangerte Naturmangfaldveke

Erfaring viser eit jamleg behov for rettleiing og opplæringstiltak knytt til bruken av naturmangfaldlova. For å imøtekomme behovet arrangerte Statsforvaltaren i Vestland Naturmangfaldveke.

Sandbie (Andrena sp).
Sandbie (Andrena sp). Foto: Tore Larsen

Målet med Vestland Naturmangfaldveke var å kaste lys over den praktiske bruken av miljørettsprinsippa i naturmangfaldlova, kapittel II. Arrangementet gjekk av stabelen i november 2021. Det var det første i sitt slag i Vestland, og vart arrangert av miljø-, plan- og landbruksavdelinga. Alt gjekk føre seg digitalt.

Ein blå-grøn tråd i programmet var å sjå på korleis naturmangfaldet blir ivareteke i dagleg planlegging og forvaltning no, tolv år etter at naturmangfaldlova vart fastsett. Arrangementet hadde form av korte webinar, som var fordelte over fire dagar, med kvar sine tema; arealbruk og kunnskap, naturmangfald i skog, planlegging og bygging og miljørettsprinsipp i utmark og jordbruk. Presentasjonar og videoopptak frå dei fire dagane er lagde ut på Statsforvaltaren i Vestland si nettside her.

Om lag 200 personar, med ulik fagbakgrunn, var innom webinara og bidrog med gode spørsmål og innspel. Kommunane var godt representerte, og dette fortel om stor interessa for temaet. Vi siktar oss inn mot å arrangere Naturmangfaldveka også i 2022, med nye og aktuelle vinklingar.

Kontaktperson:
Trude Knutzen Knagenhjelm, fmsftkn@statsforvalteren.no, tlf. 915 56 522.

Internasjonalt prosjekt for berekraftig landbruksutvikling

Prosjektet MAREA er finansiert av EU sitt Erasmus+ -program, og har som mål å utvikle og synleggjere berekraftig landbruk. Statsforvaltaren i Vestland deltek i prosjektet.

Berekraft.
Berekraft. Foto: MAREA project

Namnet MAREA står for "Multifunctional Agriculture: Rural Education for Action" og speglar målet med prosjektet: Å bidra til berekraftig livsstil gjennom auka kunnskap og deling av erfaringar. Samarbeidslanda er Belgia, Tyskland, Italia, Kroatia og Norge.  MAREA rettar seg inn på fire tema: Sosioøkologisk landbruk – alt heng saman med alt, berekraftig reiseliv, bevaring og formidling av tradisjonell kunnskap og tilhøvet mellom by og landbruk.

Mellom anna lærer prosjektdeltakarane om utfordringar og likskapar i dei ulike landa. Korleis fungerer landbrukspolitikk og offentlege støtteordningar i landbruket? Bønder i Norge får god oppfølging og støtte av statsapparatet, medan marknadskreftene rår sterkare i andre land. Det er også store ulikskapar i kva posisjon landbruket har i dei ulike landa. I vårt land får kundane auga meir og meir opp for norske og lokale matvarer. I andre land er ikkje denne trenden så tydeleg.

Rural Academy

Berebjelken i MAREA-prosjektet er «Rural Academy - learning in rural areas». Her vert det, i prosjektperioden, laga ein internasjonal læreplan, som skal bidra til auka kompetanse innanfor, mellom anna, berekraftig ressursutnytting, ulike produksjonar og urbant landbruk. Sentralt i prosjektet er opplæring i formidling av ny og etablert kunnskap, gjennom kurs i «rural guiding». Eit godt opplegg krev gode eksempel frå dei ulike landa. Desse blir samla i den interaktive online-plattforma «Map of tomorrow». Organisasjonane Berekraftige liv og Lyngheisenteret på Lygra er representerte her.

Never ending stories

Det vert også produsert filmar, som både viser mangfald og synleggjer korleis tradisjonar kan bidra til innovasjon og god og berekraftig utvikling. Hos Statsforvaltaren i Vestland er den første filmen «Ull er gull» lansert no i vinter. Vi er i gang med film nummer to, som skal samanlikne sider- og vinproduksjon i Norge og Italia, og vise kva tradisjon kan ha å seie for innovasjon.

Nettverksbygging

Prosjektet samlar deltakarar frå alle landa fleire gonger i prosjektperioden, til diskusjon, erfaringsutveksling, evaluering og nytenking.

Internasjonale prosjekt bidreg til kunnskapsdeling på tvers av landegrenser og skapar gode og varige nettverk. Statsforvaltaren i Vestland har delteke i EU-prosjekt i ei årrekkje. Vi har mykje å lære av kvarandre,  og har stor nytte av dette samspelet. 

Kontaktperson:
Ragna Flotve, fmhorfl@statsforvalteren.no, tlf. 901 01 541.
Dirk Kohlmann, fmhodkt@statsforvalteren.no, tlf. 412 96 550.

Plan for reint vatn

Betre bruk av husdyrgjødsla er viktige tiltak i den nye vassforvaltningsplanen for Vestland. Betre lagring og rett bruk er høgt prioritert. Statsforvaltaren har delteke aktivt i arbeidet med planen, som er utforma av fylkeskommunen.

Plan for reint vatn.
Plan for reint vatn. Foto: Øyvind Vatshelle

Statsforvaltaren i Vestland har bidrege med å vurdere situasjonen i landbruket. Vi har laga kartverktøy som viser jordbruksaktivitet på areala og omfang av spreidd avløp. Dette skal vere eit bidrag for å vurdere kva påverknad landbruket har på vassdraga. For både landbruk og avløp er det kommunane som har myndigheita. Kommunane og Statsforvaltaren har foreslått kva type landbrukstiltak som bør bli vurderte, då det ofte er behov for mange ulike tiltak langs same vassdrag.

Utkastet til regional vassforvaltningsplan for Vestland vassregion, med tilhøyrande tiltaksprogram og handlingsprogram, skal handsamast av fylkestinget i mars 2022. Etter vedtak i fylkestinget skal planen sendast over til Klima- og miljødepartementet for godkjenning.

Stor produksjon gir mykje gjødsel

Viktige tiltak i planen er mellom anna utvida gjødsellagerkapasitet, tilsyn med lagring og bruk av husdyrgjødsel og meir miljøvennleg gjødselspreiing. På føretak med stor produksjon er det mykje husdyrgjødsel som skal bli spreidd, også der jorda er næringsrik i utgangspunktet. Det er behov for å kunne lagre gjødsla lenger og få meir effektiv transport og spreiing. Når ein får spreidd gjødsla til den tida- og på dei areala der ho gjer mest nytte, renn mindre næring ut i bekkar, elver og vatn.

Planen forpliktar

Kommunar, fylkeskommunar og statlege etatar har, gjennom planen, plikt til å leggje miljømåla til grunn for deira planlegging og verksemd. Føreslegne tiltak skal følgjast opp og gjennomførast slik at ein kan nå dei fastsette miljømåla innan den fristen som er sett i planen. Ulike frivillige ordningar for gjødselspreiing må i aukande grad bli finansiert med tilskotsordningar i regionalt miljøprogram. Investeringar i gjødsellager kan bli finansiert gjennom Innovasjon Norge, men det er enno ikkje nok midlar til å gjennomføre dei utbyggingane som er planlagt i tiltaksprogrammet.

Kontaktpersonar:
Øyvind Vatshelle, fmhooyv@statsforvalteren.no tlf. 55 57 21 78.
Bjørn-Harald Haugsvær, fmsfbhh@statsforvalteren.no, tlf. 480 07 375.

Båsfjøs – «siste forbruksdato 2034»

«Best før», eller «også god etter»? For norske båsfjøs gjeld berre «siste forbruksdato», året 2034.

Ku på innmark – Huglo.
Ku på innmark – Huglo. Foto: Bart van Gool

I Vestland er det 712 båsfjøs med mjølkeproduksjon. Desse må byggje om til lausdrift innan fristen i 2034. Så langt er det 349 mjølkebruk som har satsa på lausdrift. Desse utgjer berre ein tredjedel av mjølkebruka.

Vestland jobbar aktivt for å få storfe over i lausdriftsfjøs. I 2021 vart det bygd 21 lausdriftsfjøs, som i snitt hadde 29 mjølkekyr etter investeringa. Også mindre mjølkebruk byggjer no om til lausdrift, etter at investeringsstøtta har vorte auka (sjå tabell).

År

2016

2017

2018

2019

2020

2021

Tal kyr før utbygging

23

27

20

21

19

20

Tal kyr etter utbygging

40

36

30

31

30

29

Tal fjøs som er bygde

28

24

24

21

17

19

Tabell: Tal mjølkekyr før og etter utbygging, og tal fjøs som er bygde per år i perioden 2016-2021. Kjelde: Innovasjon Norge.

For å kunne betale investeringa i lausdriftsfjøs må produksjonen per bruk aukast. Kostnaden og investeringsstøtta frå staten avgjer kor høg produksjonen må vere etter investeringa. Det er gjeld etter investering som er avgjerande, og med auka investeringsstøtte kan det byggjast mindre fjøs. Men den stor kostnadsveksten som kom i 2021 gjer det svært vanskeleg å investere, både i små og store lausdriftsfjøs.

Mjølkekyr må vere der det veks gras. Det er difor mjølkefjøsa ligg spreidd over heile fylket. Når det skal byggjast nye lausdriftsfjøs må dei tilpasse seg grasarealet lokalt. Når det er knapt med areal kan ikkje fjøsa vere for store. For Vestland passer det å byggje fjøs med under 30 kyr.

Kontaktperson:
Bjørn-Harald Haugsvær, fmsfbhh@statsforvalteren.no, tlf. 480 07 375.

Parsellhagen som god møteplass

Å leggje til rette for nye parsellar og god organisering er viktige skritt på vegen til grønare møteplassar i byar og tettstader. No blir parsellhagehandboka publisert i ny drakt, med fleire gode tips til oppstart og drift.

Nøgde parsellhagedyrkarar under hausting og skjering av rips.
Nøgde parsellhagedyrkarar under hausting og skjering av rips. Foto: Frøydis Lindén

Dette er ei praktisk handbok for etablering og drift av parsellhagar, i lite eller stort format, på privat eller offentleg grunn. I parsellhagar er det gjerne frå 20-100 personar og familiar som nyttar eit mindre dyrkingsareal (20-40 kvadratmeter) for dyrking til eige bruk. Men sjølve parsellhagen vert ofte drifta i eit fellesskap, med ei arbeidsgruppe eller eit styre som organiserer drifta.

Handbok for etablering og drift

Parsellhagehandboka er til for dei som tek initiativ og vil drifte ein parsell. Erfaringar frå drift og organisering i heile landet er difor samla i ein praktisk handbok, som kan gje ein god oppstart og eit godt samarbeid i ein parsellhage. Du finn alt frå agronomiske tips, malar til kontraktar, organisering og tips til rammeverk og kommunal støtte.

Parsellhagar i det urbane landbruket

Det er ikkje lenger eit spørsmål om, men korleis byar og lokalsamfunn kan skape gode møteplassar gjennom urbant landbruk. Parsellhagar i ulike storleikar og grad av tilrettelegging kan skape god folkehelse, integrering og livskvalitet. I tillegg er dei viktige grøne element i by- og tettstadsutviklinga, med stor vekt på å skape biologisk mangfald, halde dyrkingsjord i hevd, byggje kunnskap og skape interesse for lokalprodusert mat.  

Statsforvaltaren i Vestland gjev ut parsellhagehandboka i ny design i år, og har produsert dokumentet i samarbeid med Siri Haavie frå parsellhager.no, Lystgården og Bybonden i Bergen og Bergen kommune.

Kontaktperson:
Frøydis Lindén, fmhofli@statsforvalteren.no tlf. 905 52 194.

Manglande planting etter hogst

Skogeigarar har plikt til å plante ny skog etter hogst. Dei fleste skogeigarane forynger hogstflatene og tingar planter i tide, men kvifor er 1800 dekar ikkje forynga i Vestland fylke?

Granplante på Stord.
Granplante på Stord. Foto: Torleiv Skage

Ca. 450 000 planter har ikkje kome fram til skogeigarane. Svikt i systemet kan oppstå mange stader.

Kommunen si handtering av foryngingskontrollen er eit svakt punkt.  I kontrollskjemaet kan kommunane krysse av for at skogeigaren ønskjer å plante på eit seinare tidspunkt. Ser vi på foryngingskontrollskjema som er merka slik, ser desse plantingane ut som gjennomførte, sjølv om plantekjøp framleis ikkje er registrert på skogfondskontoen hjå mange av desse skogeigarane. Nokre gongar vert skogeigaren oppfordra av skogansvarleg i kommunen til å tinge planter sjølv, noko som ikkje alltid skjer. Etter kvart vert dette foryngingstiltaket gløymt.

Også hjå skogbruksleiarane frå hogstselskapa kan det oppstå rot i systemet. Dei har ofte avtaler med skogeigarane om både hogst og påfølgjande planting. Men plantetinginga vert ikkje godt nok avklart med skogeigaren, og når nye skogbruksleiarar overtek vert ikkje desse planteordrane fanga opp.

Fig 1 Totalt plantetal per kommune med skogeigarar som ønskjer planting

Figur 1: Totalt plantetal per kommune med skogeigarar som ønskjer planting. Dette er ei bruttoliste, fordelt på hogstaktørar. Vi har sett på totalt avverka volum, som har utløyst foryngingskontroll, og estimert eit areal basert på i snitt 50 m3/daa, og deretter teke utgangspunkt i normalplanting med 250 planter/daa. Basert på kommunen sine merknadar i kontrollane er nokre av areala korrigert manuelt, så det gjev eit rettare bilete av behovet.

Figur 2 Totalt plantebehov fordelt på kontrollår

 Figur 2: Totalt plantebehov fordelt på kontrollår. Oversikta viser at det er manglande forynging også på gamle hogstflater. Kontrollåret 2019 representerer hogst i 2016. Nokre av desse flatene ligg nok i ordreboka til AT Skog, og ein del av forklaringa kan tilskrivast korona og mangel på arbeidskraft. Uansett er det problematisk.

Undersøkinga viser tendensar, og vi får eit innblikk i kva vi bør følgje med på. Til dømes ønskjer nokre av skogeigarane furuplanter. Å få tak i nok frø av eigna proveniens kan vere vanskeleg for planteskulane, men dette må vi følgje opp saman med næringsaktørane. Nokre av felta har ein meir uavklara status, t.d. når skogeigaren ventar på resultat frå naturleg forynging før det vert gjort vidare grep. Vert felta uforynga over lang tid, bør behovet for suppleringsplanting fangast opp tidlegare enn det gjer i dag.

Kontaktpersonar
Torgrim Østgård toost@statsforvalteren.no tlf. 907 40 503
Torleiv Skage tskag@statsforvalteren.no, tlf. 971 44 124.