Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Godkjenn ei avgrensa bustadutbygging på Austre Åmøy

Kommunal- og moderniseringsdepartementet har i dag godkjent eit nytt bustadområde på Austre Åmøy i kommuneplan for Stavanger.

-Eg er nøgd med at kommunen har laga ein plan som både legg opp til ei berekraftig byutvikling, og som tek vare på dei mindre lokalsamfunna utanfor byen, seier kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup.

Rogaland fylkeskommune og Fylkesmannen i Rogaland hadde motsegn til bustadområdet. Departementet har i si handsaming av saka lagt vekt på kommunen sitt behov for å oppretthalde eit levande lokalsamfunn på Åmøy.

Stavanger kommune – innsigelse til kommuneplanens arealdel(pdf)

Kommunal- og moderniseringsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00