Historisk arkiv

Gods på bane: Oppgang i containertrafikken i 2016

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

- Denne regjeringa prioriterer vedlikehald og fornying av jernbanenettet. Vedlikehaldsetterslepet har med denne regjeringa blitt redusert for fyrste gong på fleire tiår. Dette fører til betre regularitet i trafikken og meir punktlege tog. Det er difor svært gledeleg at fleire containerar no blir transporterte på jernbanen. Auken er eit klårt teikn på at vedlikehaldssatsinga vår er riktig, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.

Tal frå NHO Logistikk og Transport viser at godstoga frakta 507 000 containerar i Noreg i 2016. Dette er 3,7 prosent meir enn i 2015, og det høgste talet på fire år. Oppgangen kom til tross for at NSB-eigde CargoNet, som er den største godstogoperatøren i Noreg, måtte innstille fleire tog som følgje av lokførarstreiken i NSB.

Fleire tiltak retta mot gods
I tillegg til satsinga på vedlikehald og fornying av jernbanenettet er fleire tiltak sette inn for styrkje godstransport på bane.

- I fjor fekk vi på plass ei kompensasjonsordning for godstogselskapa ved innstillingar som selskapa ikkje har skuld i. Vi har konkurranseutsett terminaldrifta på enkelte terminaler for å stimulere til meir effektiv drift. Effektiviseringa bidrar til å betre konkurransesituasjonen for jernbanetransport samanlikna med vegtransport. I 2017 vil òg kryssingsspor bli bygd for å auke kapasiteten for godstoga seier samferdselsministeren.  

I tillegg arbeider Bane NOR med å etablere beredskapsterminalar som skal gjere det mogleg å transportere gods på bane på delar av strekningane ved driftsavvik i infrastrukturen. Tiltaket legg til rette for at det i desse tilfella ikkje er naudsynt å frakte godset på  lastebil frå start til mål.    

For 2017 er det løyvd midlar til bygging av godsterminal på Heggstadmoen utanfor Trondheim. Det vil òg bli gjennomført tiltak for å betre driftsstabiliteten og driftseffektiviteten på Alnabruterminalen, som med plasseringa i Oslo er navet for kombitrafikken på jernbane i Noreg.

For fleire opplysingar – sjå:

  • Nyheitsartikkel av 9.2.2017 m/volumutvikling for perioden 2001-2016 på nettsida til NHO Logistikk og Transport