Presseinvitasjon:
Guri Melby besøker Vestby vidaregåande skule
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Kunnskapsdepartementet
Nyheit | Dato: 22.05.2020
Statsråd Melby kjem til Vestby vidaregåande skule i Follo måndag 25. mai. Det er lagt til rette for dialog med rektor, lærarar og elevar om stengjeperioden i samband med korona, og arbeidet med å kome tilbake til ein meir normal skulekvardag. Statsråden møter også vinnaren av Holbergprisen i skulen.
Holbergprisen i skulen er ein nasjonal forskingskonkurranse for samfunnsfag, humaniora, juss og teologi. Årets vinnar, Helene Randem Lunde, er elev ved Vestby vidaregåande.
Stad: Noreveien 2, 1540 Vestby.
Tid: 25.mai kl.12.30-13.30.
Program:
12.30 – 12.35 Statsråden blir møtt av rektor, Holbergprisvinnar og elevrådsleiar Rohan Sharma ved hovudinngangen.
12.35 – 12.55 Samling i plenum med markering av Holbergprisen i skulen. Rektor ønskjer velkommen.
Kort tale ved fylkesråd Siv Henriette Jacobsen og statsråd Melby.
12.55 – 13.15 Samtale med elevar og tilsette om koronasituasjonen, og om korleis ein kan betre opplæringa i vidaregåande.
13.15 – 13.30 Pressemøte der elevar og tilsette er tilgjengelege for media i kantina.
13.30 Avreise.
Kontaktperson:
For kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby:
Kommunikasjonsrådgjevar ved KD, Ajfer Husejin: Ajfer.Husejin@kd.dep.no tlf. 95936485