Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Helleland fekk råd om minoritetspolitikk

- Eg har i dag fått høyre om korleis det er å vere ung minoritet i Noreg. For dei aller fleste er ikkje kvardagen så ulik min og din, men samstundes fortel fleire at dei opplev at majoritetsbefolkninga har liten kunnskap om deira bakgrunn. Slik skal det ikkje vere. Eg meiner vi må ta eit felles ansvar for å læra om historia til kvarandre, slik at vi saman kan forma framtida til det beste for alle, seier distrikts- og digitaliseringsminister Linda Hofstad Helleland.

Statsråden møter representanter for dei nasjonale minoritetane
Statsråden møter representanter for dei nasjonale minoritetane Foto: KMD

Regjeringa arbeider med ei ny stortingsmelding om nasjonale minoritetar. Etter planen skal den leggast fram i slutten av 2020. Formålet er å skildre utviklinga dei siste 20 åra og foreslå korleis regjeringa kan bidra til å styrka dei nasjonale minoritetane sitt språk, sin kultur og situasjon i det norske samfunnet.

Dette er dei fem minoritetane i Noreg

Arbeidet med stortingsmeldinga vart varsla i Jeløya-plattforma og vil omhandla politikk og tiltak overfor dei fem nasjonale minoritetane i Noreg: jødar, kvener, rom, romanifolket/taterar og skogfinnar.

– Det er heilt avgjerande at dei som er unge i dag kjem med innspel til arbeidet med stortingsmeldinga, som skal peika ut kursen for minoritetspolitikken framover. Å møta og bli kjend med desse ungdommane har vore nyttig for meg. Eg vil ta med meg innspela i det vidare arbeidet, seier Helleland.

20 år sidan førre stortingsmelding

Den førre stortingsmeldinga om nasjonale minoritetar – som var den første – vart lagt fram i desember 2000. Ho vart skriven etter at Noreg ratifiserte Europarådets rammekonvensjon om vern av nasjonale minoritetar i 1999.

– Eg gler meg til å presentera meldinga seinare i år. Ho vil vere eit viktig bidrag i arbeidet for at dei nasjonale minoritetane skal få vidareutvikle språket, kulturen og eigenarten sin, seier Helleland