Helse- og omsorgsminister Bent Høie held sjukehustale

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Helse- og omsorgsdepartementet

Tysdag 07.01. held Bent Høie sin første sjukehustale som helse- og omsorgsminister der sjukehus er hovudtema.

Tysdag 07.01. held Bent Høie sin første sjukehustale som helse- og omsorgsminister der sjukehus er hovudtema. 

I talen vil han presentere sine politiske mål og forventningar til sjukehusa og spesialisthelsetenesta for det neste året.

Same dag skal helse- og omsorgsministeren halde felles føretaksmøte for dei fire helseregionane. Statsråden skal også utnemne nye styre for dei regionale helseføretaka.

Stad: Rikshospitalet, Store auditorium, inngang hovudinngangen.
Adresse: Sognsvannsveien 20, 0372 Oslo.
Tid: 11.15-12.00

Helse- og omsorgsministeren vil vere tilgjengeleg for pressa etter talen.

Talen vert overført direkte: http://www.regjeringen.no/nb.html?id=748369 (Sendinga opnar ca 10.45 tysdag 7. januar)


For tekniske spørsmål om overføringa, kontakt seniorrådgjevar Andreas Keus, tlf: 950 72 023.

 

Følg Helse- og omsorgsdepartementet på Facebook Følg oss på Facebook       Følg Helse- og omsorgsdepartementet på Twitter Følg oss på Twitter