Høge ambisjonar for norsk vassmiljø

Statsråd Sveinung Rotevatns tale under Nasjonal vassmiljøkonferanse 27. 4. 2021.

Vi har mykje vatn i Noreg og vi har ein utroleg fin vassdrags- og kystnatur. Når vi skal ut i naturen er det nett til vatnet vi trekk, anten vi går tur langs elva eller kysten, har med oss fiskestong  eller tar ein dukkert. I løpet av korona-året har stadig fleire gjenoppdaga verdien av naturopplevinga, der elvar, fossar og vatn ofte er favoritten.

I Noreg har vi ein lang tradisjon for å ta vare på både vatn og fisken i elva, og å tenkje på vassdrag som ein levande heilskap. Heilt attende i Gulatingslova frå før 900-tallet fanst det reglar om å sperra for fiskens frie vandring: "Ganga skal Guds gava til fjells som til fjøre om ganga ho vil".  Å setta stengsel tvers over ei elv var allereie for over 1000 år sidan eit brot mot rettane til dei som held til lenger oppe i vassdraget. Allereie i 1282 forbaud kong Eirik Magnusson å sleppa bark ut i elva Huga som var drikkevasskjelde for Bergen.

No er det EUs vassdirektiv og den norske vassforskrifta som er vår viktigaste ramme for vassforvaltinga. Og grunnen til at vi er samla i dag er arbeidet medoppdatering av vassforvaltningsplanar i heile landet for dei neste 6 åra.  

Arbeidet med vassforvaltinga  bidreg og til at vi når FNs berekraftsmål, særleg nummer 6 om vatn, som mellom anna har delmål som handlar om både tilgang til trygt drikkevatn, redusert forureining og betre vasskvalitet, heilskapleg vassforvaltning på alle nivå, og styrking av lokal medverking i vassforvaltning. 

I tillegg til å vere norsk klima- og miljøminister er eg også president for FNs femte miljøforsamling. Forsamlinga blei delt i to delar på grunn av pandemien. Del 2 går av stabelen til neste år, der tema nettopp er betydninga av naturen for å oppnå berekraftsmåla.

Det har skjedd ein betring av tilstanden i vatnet vårt sidan vi godkjende dei fyrste vassforvaltningsplanane i 2016.  Elv, innsjø og kystvatn i god tilstand eller betre har auka frå 64 % i 2016 til 70 % i 2021 totalt i Noreg.

Vi ser og at truverda til data er styrkt ved at meir av vatnet er klassifisert på bakgrunn av overvakingsdata, fordi vi har auka løyvingane til dette. Det heng og saman med det arbeidet de alle gjer fortløpande i å styrke kunnskapen om vatnet vårt.

Samstundes må vi erkjenna at det framleis er område der framgangen ikkje er så stor som vi hadde ynskt. I enkelte e vassområde mellom anna på Austlandet ser vi at tilstanden ikkje  har blitt betre på tross av tiltak. Trøysta får være at utan tiltak hadde det vore verre.

Eutrofiering, eller for mykje næringsstoff, er årsaka og vi ser dette i elvar, innsjøar og kystvatn. Styrka innsats på avløpssektoren må til, både på spreidd avløp og større avløpsanlegg. Og meir målretta bruk av lokal forskrift i jordbruket frå Statsforvaltaren som det nyleg blei opna for. Det er naudsynt for å redusere mellom anna høstpløying, fosforgjødsling og auke grasdekte vassvegar og andre vassmiljøtiltak.  

Eg har og bede Miljødirektoratet om å løfte innsatsen mot eutrofiering som ein kjerneoppgåve i tida som kjem og vi har og bevilga pengar til formålet.

Ein annan stor påverkar er vasskraftreguleringar. Vasskrafta er berebjelka i straumforsyninga vår og syt ikkje berre for nok straum til oss alle, men og for nok straum til rett tid, og det raskt. Med meir tilfeldige produksjon som vind, sol og småkraft vert rolla til dei store reguleringskraftverka viktigare. Dei må balansera variasjonane i dei andre kjeldene. No i vinter med kulde, vindstille og lite tilsig nærma det seg krise og prisane fauk i veret.

Balanseringa forutset difor effektkjøyring av vasskraftanlegg. Der anlegga har utlaup i elv er effektkjøyring ofte eit problem med fisk som strandar på tørra på grunn av raske vasstandsendringar. Ved revisjon av konsesjonsvilkår og bygging av nye anlegg er dette eit problem vi må ha særskilt merksemd på og unngå i størst mogleg grad.

Vi veit at elvar og innsjøar er viktige spreiingsvegar for marin plastsøppel og mikroplast.  Regjeringa arbeider no med ein revidert plaststrategi som vil ta for seg alle kjelder til utslepp av plastforsøpling. 

Noreg arbeidar, saman med fleire land verda over, for at FNs 5.miljøforsamling  neste år skal vedta å opprette ein forhandlingskomite for ein ny avtale. Ein slik ny avtale vil forplikte alle land til å samarbeide heilskapleg, målretta og langsiktig, mot plastforsøpling. Miljødirektoratet forvaltar ein tilskotsordning mot marin forsøpling kor det kan  søkast både om tilskot til opprydding og førebyggande tiltak som i år utgjer 70 millionar kroner og dei delte i mars ut om lag 60 millionar kroner kor det meste gjekk til opprydding.

Et viktig nasjonalt miljømål er at: økosystema skal ha god tilstand og levere økosystemtenester. Når vassmiljøet er øydelagt av forureining eller inngrep, får ikkje samfunnet nytta dei fordelane som disse økosystemtenestane gjev.

Regjeringa har store ambisjonar for restaurering: vi ønsker å snu trenden slik at vi får meir intakte vassdrag og våtmarker enn det som byggas ned.  

Vi har bede Miljødirektoratet lede arbeidet med å utarbeide ein nasjonal strategi for restaurering av vassdrag. Den skal fylgjast opp av ein plan for 2021-2030, som er FN sitt restaureringstiår

Vi har og styrkt tilskota til restaureringstiltak i vassdrag dei seinaste åra. Restaureringstiltak kan være kostbare, men dei er i stor grad en eingongs-investeringar som over tid er sjølvberande basert på naturlege prosessar.

Og restaurering kan gje både auka naturmangfald, læring og økonomisk gevinst! Miljødirektoratet nett ga løyvingar til prosjektet SjøørretSørlandet. Prosjektet er eit samarbeid mellom reiseliv og fem kommunar og skulane vert invitert til å adoptere ein bekk, legge ut gytegrus og samle plast og læra miljøvern i praksis. Tal frå Danmark synar at inntektene frå eit turistbasert sjøaurefiske kan koma opp i 2500 kroner per kilo fanga fisk.

Den heilskaplege tiltaksplanen for Oslofjorden som regjeringa la fram rett før påske vil bidra til ein betre og meir heilskapleg forvaltning. Det er ikkje eit tiltak aleine som kan redde Oslofjorden. Vi må sjå alle dei 63 ulike tiltaka i samanheng. Det òg viktig fordi det er mange kryssande interesser å ta omsyn til. Det skal vere rom til både friluftsliv og rekreasjon, næringsfiske og jordbruk.

Alle har eit ansvar for at vi no gjer det som er naudsynt for å få Oslofjorden frisk. Eg skal derfor etablere Oslofjordrådet. Her vil eg saman med andre statsrådar kvart år møte ansvarlege politikarar frå kommunane og fylkeskommunane for å sikre god lokal- og regionalpolitisk forankring og framdrift av dei ulike tiltaka og synleggjering av måloppnåing.

Vassforvaltinga er flaggskipet for økosystembasert forvalting i Noreg og fyrtårnet for samordning for en berekraftig utvikling. Vi forvaltar vatnet heilskapleg i nedbørfelta, altså økosystema, og vi har ei definert målsetting, "god tilstand", som vi siktar mot. Miljømåla er kunnskapsbaserte, og overvakinga av vassmiljøet har auka med om lag 90 millionar kronar i året jamført med nivået før vassforskrifta trådde i kraft. Vi ser på samla belasting på tvers av sektorane, og vi har på plass tverrsektorielle vassforvaltingsplanar og tiltak. Ved oppdatering av planane kvart sjette år kan vi ta inn ny kunnskap, vi kan korrigere kursen basert på erfaringane med tiltak og vi kan ta høgd for nye utfordringar for vassmiljøet som klimaendringar, mikroplast og legemidlar.

Eg vil trekkje frem forbetringsarbeidet som direktoratsgruppa ledet av Miljødirektoratet har gjennomført. I 2016 mottok departementet grundige råd basert på ein omfattande evaluering som vi følgde opp med endringar i vassforskrifta, og med tydelege nasjonale føringar i 2019.

FNs berekraftsmål 17 handlar om samarbeid som er naudsynt for å nå måla. Vassforvaltinga er eit tydeleg døme på kor krevjande det kan vere å forene ulike sektormål når der er mange som har sprikande interesser i det same vatnet. Men også her er vassforvaltninga et fyrtårn med den samordninga som er skipa: vassområde lokalt, vassregionutval regionalt og direktoratsgruppa sentralt og påkoplinga av andre aktørar.

Alt vatn renn gjennom ein kommune, og derfor er kommunane første-line forsvaret for vassmiljøet vårt. Regjeringa har i dei nasjonale forventingane til regional og kommunal planlegging (2019) og i dei nasjonale føringane for vassforvalting (2019) gitt tydeleg signal om at kommunane er særs viktige som tiltakshavar og mynde.

Eg her nemnd avløp tidlegare, men vi må heller ikkje gløyme vassforsyning som er ein viktig oppgåve.

For å sikre at kommunane har tilgang på kompetansen for å handtere den viktige oppgåva , bidreg departementet årleg med ca. 20 millionar til spleiselag på koordinatorstillingar i vassområda.

Av 92 vassområde som er aktuelle for koordinatorstilling har vi no koordinatorar på plass i 87 av desse.

På Vannportalen er det no lagt ut ein presisering frå KLD om kommunanes rolle og oppgåver i vassforvaltningsarbeidet.

I Norge har vi organisasjonar som er opptekne av miljø, natur og friluftsliv, og som er pådrivarar.

Ofte har dei norske miljøorganisasjonane hatt fokus på vatn, som i Mjøs-aksjonen,  Mardøla og Alta-aksjonane. Sjølv om ein ikkje alltid vann fram, så har dei vært med på å bevisstgjera politikarene. Det folkelege engasjementet var ein av grunnane til at Noreg fekk verdas fyrste Miljøverndepartement i 1972, Verneplan for vassdrag i 1973, Forureiningslova i 1981 og etter kvart meir moderne miljøkrav for vasskrafta.

I tillegg legg frivillig sektor ned et stort og viktig arbeid, for eksempel lokale fiskeforeiningar som gjennomfører habitattiltak for aure, og urbane elveforum som jobbar for opning av lukka byvassdrag. Derfor er det viktig at miljøorganisasjonane er aktive i prosessane og ikkje minst i høyringane.

Ein takk til alle dykk som jobbar i vassforvaltninga lokalt, regionalt og nasjonalt for det viktige arbeidet di legg ned for vatnet vårt, både for oss og for de som kjem etter oss. Takk også til alle engasjerte innbyggarar og organisasjonar som bidrar undervegs, og til arrangøren av webinaret.

Lykke til med resten av konferansen!