Indonesia forlenger forbod mot nye hogstkonsesjonar

Indonesias president Susilo Bambang Yudhoyono har skrive ut eit presidentdekret som forlenger forbodet mot nye konsesjonar for hogst i regnskogen i to nye år.

Indonesias president Susilo Bambang Yudhoyono har skrive ut eit presidentdekret som forlenger forbodet mot nye konsesjonar for hogst i regnskogen i to nye år.

-Dette er veldig gledeleg. Ei forlenging av avtalen er eit viktig politisk signal om at presidenten meiner alvor og ønskjer å stå ved sine forpliktingar, seier tidlegare miljøvernminister Bård Vegar Solhjell.

Noreg støtter økonomisk arbeidet med å ta vare på regnskogen i Indonesia. Støtta vil auke når Indonesia kan vise til at dei faktisk klarer å bremse avskoginga.

Moratoriet mot nye konsesjonar i primærskog og torvmyr i to nye år beskyttar skogområde som elles kunne ha blitt hogd. Dessutan har moratoriet allereie skapt samarbeid og openheit på ein måte vi ikkje har sett før i Indonesia.

No jobbar Indonesia med å lage kart med oversikt over alle konsesjonane i alle departement og ulike nivå hos styresmaktene. Eksisterande konsesjonar blir og gått gjennom på nytt juridisk. Urfolk har laga eigne kart med krav på landområde, og desse skal bli inkludert i karta frå styresmaktene.

Indonesia har vore forseinka i avtalen med Noreg som fylgje av vanskelege politiske diskusjonar. No tar dei konsekvensen av dette og forlenger moratoriet til naudsynt reform er gjennomført.

-Noreg står fast som ein truverdig og støttande partnar, og vi er klare til å auke innsatsen for å ta vare på skogen i Indonesia.  Brasil har heldt på i ti år med å ta vare på regnskogen, mens det er fyrst no at Indonesia har tatt seriøse grep for å redusere avskoginga. Det er og fyrst no dei har fått på plass system for å overvake skogen. Når moratoriet no blir ført vidare i to nye år, er dette ein klar beskjed om at dei ikkje har tenkt å slakke på tempoet, seier Solhjell.