Presseinformasjon

Utanriksministeren deltek på EØS-rådsmøte i Brussel

Utanriksminister Anniken Huitfeldt deltek i møte i EØS-rådet onsdag 24. november. Ho vil i tillegg opne det nye EFTA House samt ha fleire andre møte i Brussel .

Dei halvårlege EØS-rådsmøta er den viktigaste formelle kanalen mellom dei tre EØS-landa Noreg, Island og Liechtenstein og EU. Noreg leiar EØS/Efta-samarbeidet dette halvåret. Den norske utanriksministeren vil difor innleie møtene på vegne av EØS-landa. Det er venta at EØS-samarbeidet, EUs industristrategi, Kina, situasjonen i Kviterussland og EUs strategiske kompass vil stå på dagsordenen. Dette er fyste gongen EØS-rådsmøtet finn stad fysisk etter pandemien.

I Brussel vil utanriksminister Huitfeldt også opne det nye EFTA House. For fyste gong er dei tre nøkkelinstitusjonane i EØS-samarbeidet samlokaliserte. Dei tre er Efta-sekretariatet, Eftas overvakingsorgan ESA og Sekretariatet for EØS-midla, FMO (Financial Mechanism Office).

Førebels program (merk at det kan kome endringar i programmet)

Onsdag 24. 11

Kl. 0800 – 0915

Bilaterale møte

Kl. 0930 – 1015

Møte med utanriksministrane i EØS-landa, Island og Liechtenstein

Kl. 1030 -1100

Omvisning på EFTA House

Kl. 1100 -1200

Møte med Eftas rådgjevande organ, EFTA House

Kl. 1230 - 1530

EØS-rådsmøte

Kl. 1530 – 1555

Pressemøte, Justus Lipsius, foyer

Presse som melder si interesse vil bli halden oppdatert om endringar i programmet.

Pressekontakt: Ane Haavardsdatter Lunde (med på reisa), ane.lunde@mfa.no, 97 67 12 50