Presseinformasjon

Utdrag frå Utanriksdepartementet sitt program i veke 23

Her følgjer eit utdrag frå programmet til politisk leiing i Utanriksdepartementet i veke 23, 2016.

Det kan kome endringar i programmet. Oppdateringar vert kunngjort i kalenderen på regjeringa.no.

Utanriksminister Børge Brende

Måndag 6. juni
Kl. 09.00: Utanriksminister Brende opnar Norhed-konferansen 2016 i regi av Norad (Norhed: Norsk program for kapasitetsbygging innan høgare utdanning og forsking for utvikling). Stad: Høgskulen i Oslo og Akershus, Oslo

Pressekontakt: Astrid Sehl, 922 84 752.

Kl. 11.00: Utanriksminister Brende er til stades ved framlegginga av Afghanistanutvalet sin rapport. Sjå eigen presseinformasjon. Stad: Litteraturhuset, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Kl. 13.00: Utanriksminister Brende er vert for ein lunsj med presidenten i Afrikabanken, Akinwumi Adesina. Sjå eigen presseinformasjon. Stad: Oslo.

Pressekontakt: Guri Solberg, 922 19 769.

Kl. 14.30: Utanriksminister Brende deltek på eit seminar om bærekraftsmåla i regi av Yara International. Stad: Hotel Bristol, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Tysdag 7. juni
Kl. 10.15: Utanriksminister Brende møter Stortinget sin arktiske delegasjon. Stad: Stortinget

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Kl. 18.30: Utanriksminister Brende opnar ei utstilling om norsk og amerikansk polarhistorie på Frammuseet. Eigen presseinformasjon følgjer. Stad: Frammuseet, Oslo

Pressekontakt: Kristin Enstad, 482 68 835.

Onsdag 8. juni
Kl. 10.15: Utanriksminister Børge Brende møter ein skuleklasse ved Roald Amundsens vidaregåande skule i Oppegård i samband med den internasjonale havdagen (World Oceans Day). Eigen presseinformasjon følgjer. Stad: Roald Amundsens vidaregåande skule, Oppegård

Pressekontakt: Kristin Enstad, 482 68 835.

Fredag 10. – søndag 12. juni
Utanriksminister Brende deltek på Bilderbergkonferansen i Dresden. Stad: Dresden, Tyskland

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Statsråd Elisabeth Aspaker

Måndag 6. og tysdag 7. juni
EØS/EU-minister Elisabeth Aspaker besøker Malta for å ha møter på politisk nivå. Malta har formannskapen i EU første halvår i 2017, og Aspaker skal mellom anna møte utanriksminister Vella og visestatsminister og Europa-minister Grech. Sjå eigen presseinformasjon. Stad: Valletta

Pressekontakt: Rune Bjåstad, 957 85 536.

Tysdag 7. juni
Kl. 20.00: Statsråd Aspaker deltek på middag med deltakarane i Agenda Nord-Noreg sitt ambassadør-program. Stad: Oslo.

Pressekontakt: UDs pressevakt, 23 95 00 02.

Onsdag 8. juni
Kl. 14.00: Statsråd Aspaker deltek i gravferda til tidlegare Høgre-politikar og administrerande direktør i Vinmonopolet, Kai G. Henriksen. Stad: Gamle Aker kirke.

Pressekontakt: UDs pressevakt, 23 95 00 02.

Kl. 16.00: Statsråd Aspaker deltek i debatt i Stortinget, om forslaget til ratifikasjon av EØS-finansieringsordningane (Prop. 119 S (2015-2016). Stad: Stortinget

Pressekontakt: UDs pressevakt, 23 95 00 02.

Fredag 10. juni
Kl. 10.00: Statsråd Aspaker møter kontaktutvalet i Østlandssamarbeidet, i eigenskap av nordisk samarbeidsminister, for å diskutere nordisk-baltiske tema. Stad: UD, Oslo.

Pressekontakt: Rune Bjåstad 957 85 536.

Statssekretær Tore Hattrem

Måndag 6. juni
Kl. 11.00: Statssekretær Tore Hattrem er til stades ved framlegginga av Afghanistanutvalet sin rapport. Sjå eigen presseinformasjon. Stad: Litteraturhuset, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Tysdag 7. juni
Kl. 10.00: Statssekretær Tore Hattrem møter Agenda Nord-Noreg. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Tysdag 7. – onsdag 8. juni
Statssekretær Tore Hattrem deltek på ministermøte i Østersjørådet. Eigen presseinformasjon følgjer. Stad: Warszawa, Polen

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Torsdag 9. juni
Kl. 09.15: Statssekretær Tore Hattrem held opningsinnlegget på Anti-korrupsjonskonferansen 2016. Stad: Felix konferansesenter, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Kl. 11.00: Statssekretær Tore Hattrem møter parlamentarikar frå Ukraina, Svitlana Zalischuk og menneskerettsforkjemparen Svitlana Valko, saman med Helsingforskomiteen. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Kl. 12.00: Statssekretær Tore Hattrem deltek i ein paneldebatt om det humanitære systemet, i regi av Redd Barna. Stad: Litteraturhuset, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Statssekretær Tone Skogen

Måndag 6. juni
Kl. 08.15: Statssekretær Tone Skogen møter Afrikabanken sin president Adesina. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Guri Solberg, 922 19 769.

Kl. 09.30: Statssekretær Tone Skogen deltek i ein paneldebatt på Norhed-konferansen 2016. Stad: Høgskolen i Oslo og Akershus, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Kl. 11.30: Statssekretær Tone Skogen møter Cacif (Coordinating Committee of Agricultural, Commercial, Industrial and Financial Associations of Guatemala). Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Kl. 13.00: Statssekretær Tone Skogen deltek på ein lunsj med Afrikabanken sin president Adesina. Stad: Hotel Continental, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Kl. 18.30: Statssekretær Tone Skogen deltek på ei mottaking i samband med Norhed-konferansen. Stad: Oslo Rådhus

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Tysdag 7. – torsdag 9. juni
Statssekretær Tone Skogen deltek på høgnivåmøte i FN om hiv/aids. Eigen presseinformasjon følgjer. Stad: New York, USA

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Statssekretær Elsbeth Tronstad

Tysdag 7. juni
Kl. 13.00: Statssekretær Tronstad møter representantar frå bransjeorganisasjonane i NHO. Stad: NHO, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Kl. 15.00: Statssekretær Tronstad deltek på markeringa av Redningsselskapet sitt 125-årsjubileum. Stad: Norsk Maritimt Museum, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.