Ingen endring av grensa mellom Sandnes og Strand

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Kommunal- og distriktsdepartementet har vedteke å ikkje endre grensa mellom kommunane Sandnes og Strand.

11. august 2021 blei det fremma eit innbyggjarinitiativ om grensejustering mellom Sandnes og Strand kommunar. Innbyggjarinitiativet ønskte å overføre til Strand kommune den delen av tidlegare Forsand kommune som frå 1. januar 2020 har høyrt til Sandnes kommune. Departementet har vedteke å ikkje endre grensa.

− Forsand-saka har vore handsama i Stortinget fleire gonger. Det har vore fleire grenseendringar i dette området på kort tid. Forslaget som no var til vurdering, ville ikkje føre grensene tilbake til ein tidlegare situasjon, men ville nok ein gong innebere nye grenser. Etter ei heilskapleg vurdering har departementet vedteke ikkje å endre kommunegrensa, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik.

Statsforvaltaren i Rogaland, som har greia ut saka på oppdrag frå departementet, tilrådde at departementet endra grensa i tråd med innbyggjarinitiativet. Departementet har hatt møte med kommunane før vedtaket blei fatta.

I tillegg til vedtaket om å ikkje endre grensa, har departementet vedteke å ikkje setje i gong utgreiing av to andre innbyggjarinitiativ om grensejustering, eit for Kolabygda og eit for Lysebotn.

− Dette er ei stor og kompleks sak. Befolkninga i området dette gjeld er delt når det gjeld kor grensa skal gå, og eg har forståing for dei ulike synspunkta i denne saka, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik.

Kommunal- og distriktsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00