Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Innspelsmøte om konkurransen i daglegvaremarknaden

Nærings- og fiskeridepartementet ber om innspel for å styrke konkurransen i daglegvaremarknaden.

– Daglegvaremarknaden i Noreg er dominert av få aktørar. Dette aukar risikoen for svakare konkurranse, noko som kan føre til høgare prisar, dårlegare utval og mindre innovasjon, seier næringsminister Torbjørn Røe Isaksen.

Måndag 4. november inviterer Nærings- og fiskeridepartementet til innspelsmøte om mogelege tiltak som kan betre konkurransesituasjonen.

Dette er ein del av arbeidet med den komande stortingsmeldinga om konkurransesituasjonen i daglegvaremarknaden. Nyleg fekk Konkurransetilsynet auka tilskot til å styrke handhevinga av konkurranselova og i løpet av året vil det leggjast fram eit forslag til lov om god handelsskikk.

Innspelsmøtet er for involverte aktørar, som bransjeorganisasjonar, Forbrukerrådet, LO, involverte departement og Konkurransetilsynet. Det vil bli anledning til å kome med korte innspel.

Næringsministeren opnar møtet. Pressa er invitert til å delta.

Tid: 4. november kl. 11.30 – 13.00
Sted: Kongens gate 8, møterom Rjukan

Presse som ynskjer å delta kan melde frå til [email protected]

 

Til toppen