Jernbane: 62 millionar kroner til tryggare og meir effektive godsterminalar

- Innan godstransport vil regjeringa styrkje konkurranseevna til jernbanen. Då må vi få betre og meir effektive godsterminalar. Som ein del av reformarbeidet til regjeringa har Jernbaneverket overtatt driftsansvaret for godsterminalane, og arbeider no med å setje terminaldrifta ut på anbod. For å leggje til rette for desse endringane er det naudsynt å gjennomføre fleire tiltak med ein samla kostnad på 62 millionar kroner i 2015, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.

Beløpet vil dekt innanfor tidlegare vedteke 2015-budsjett for Jernbaneverket og omfattar:

  • oppretting av ei eiga eining i Jernbaneverket med ansvar for forvalting av godsterminalane
  •  tilrettelegging for å gjennomføre anbodskonkurranse om terminaldrifta på Ganddal i Sandnes og Brattøra i Trondheim
  • overtaking av ansvaret for innpasseringskontroll på Alnabru i Oslo og Brattøra, i tillegg til oppgradering av  dei fastmonterte lastekranene på Alnabru.
  • gjennomføring av strakstiltak for å betre tryggleiken på godsterminalane som Jernbaneverket har overtatt.
  • planlegging av innkjøp av eit terminaloperasjonssystem som legg betre til rette for å utnytte areala på godsterminalane. I tillegg til å vere eit effektiviseringstiltak, bidrar eit slikt system til å vareta tryggleiken på terminalane på ein betre måte. 

For fleire opplysningar – sjå: