Klagenemnd for tilskot til kulturarrangement

Dette innhaldet er meir enn 30 dagar gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert. Du finn oppdatert informasjon på temasida Koronasituasjonen.

Klagenemnda for tilskot til kulturarrangement skal behandle klagar knytt til stimuleringsordninga og kompensasjonsordningane til kultursektoren, som er etablert som ein konsekvens av covid-19-pandemien.

Klagenemnda er oppretta og nedsett av Kulturdepartementet for perioden 1. des. 2020 til 1. des. 2021, med moglegheit for forlenging ved behov. Nemnda er uavhengig og er knytt til Klagenemndssekretariatet i Bergen.

Medlemmane i klagenemnda

Leiar: Tore Lunde, professor (Bergen)
Medlem: Kiran Aziz, senioranalytikar (Oslo)
Medlem: Daniel Nordgård, førsteamanuensis (Kristiansand)
Medlem: Anne Margrete Fiskvik, professor (Trondheim)

Vara: Kristina Stenvik, stipendiat (Oslo)
Vara: Nils C. Hamsund Boberg, produsent/senioringeniør (Trondheim)

Mandat

Klagenemnda skal behandle klagar i samband med Kulturrådet sine vedtak etter følgjande forskrifter:

  1. Forskrift om stimuleringsordninga    
  2. Forskrift om kompensasjonsordning for arrangørar (mars – april)
  3. Forskrift om kompensasjonsordning for arrangørar og underleverandørar (mai – aug.)  
  4. Forskrift om kompensasjonsordning for arrangørar og underleverandørar (sept.)  
  5. Forskrift om kompensasjonsordning for arrangørar og underleverandørar (okt. – des.)

Bakgrunn

Smitteverntiltaka etter covid-19-utbrotet har fått store konsekvensar for kultursektoren. Sidan nedstenginga i mars har regjeringa etablert ulike stønadsordningar for å hjelpe sektoren gjennom krisa. Kompensasjonsordningane blei oppretta for å gje arrangørar og etterkvart også underleverandørar kompensasjon for tapte inntekter som følgje av avlyste arrangement. Stimuleringsordninga blei oppretta for å stimulere til auka aktivitet i kultursektoren ved å gi tilskot til gjennomføring av kulturarrangement under smittevernrestriksjonane. Norsk kulturråd forvaltar både stimuleringsordninga og dei ulike kompensasjonsordningane.

Kulturdepartementet har oppretta ei mellombels og uavhengig klagenemnd knytt til støtteordningane for å sikre ei effektiv klagebehandling og for å ivareta prinsippet om armlengds avstand i forvaltninga.