Kommunal- og moderniseringsministeren besøker finalist til prisen Attraktiv by

Måndag 2. august vil statsråden besøka bydelen Saupstad-Kolstad i Trondheim.

— Alle dei tre finalistane til årets pris er gode kandidatar som samen med befolkninga, næringslivet og frivillig sektor, har utvikla berekraftige og attraktive stader. Eg ser fram til å reisa på besøk til alle finalistane og til slutt dela ut prisen til vinnarstaden som juryen vel, seier kommunal – og moderniseringsminister Nikolai Astrup.

Synfaringa skjer frå klokka 13.30 til 15.00. Vertskap for besøket er programleiar for områdeløftet Saupstad-Kolstad, Are Risto Øyasæter.

Stad: Kolstad kirke

Statsråden vil torsdag denne veka besøka Henningsvær. Tidlegare i sommar besøkte han den tredje finalisten, Skien/Porsgrunn.

Les meir om grunngivinga til juryen for nominasjonane.

Les meir om prisen Attraktiv by

Pressekontaktar

Pressekontakt: Politisk rådgjevar Bettina Flatland, mobiltlf: 975 98 000 
Kommunal- og moderniseringsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00