Historisk arkiv

Konferanse om låge utslepp

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Miljøverndepartementet

Miljøvernminister Bård Vegar Solhjell inviterer til konferansen ”Norge og veien til lavutslippssamfunnet” i Arendal 8. august 2013. Konferansen blir arrangert i samarbeid med Arendalsveka.

Miljøvernminister Bård Vegar Solhjell inviterer til konferansen ”Norge og veien til lavutslippssamfunnet” i Arendal 8. august 2013. Konferansen blir arrangert i samarbeid med Arendalsveka.

Kva vil krevjast av omstilling i Noreg viss vi skal nå målet om at den globale oppvarminga avgrensast til to gradar? Kva skal vi leve av, korleis skal vi bu og korleis vil transporten vere?

Dette er nokre av spørsmåla som blir stilt i konferansen om eit samfunn med låge utslepp som blir arrangert i Arendalsveka. Det er dei langsiktige omstillingane i Noreg som er til debatt.

Dette er ei oppfølging av den internasjonale klimakonferansen i mars der mellom anna EU sin klimakommissær Connie Hedegaard deltok. Publikum, politikarar, forskarar, kommentatorar og representantar for miljøorganisasjonar og næringsliv vil gje sine syn på kva for omstillingar som krevjast i viktige sektorar som transport og energi.

Kjende namn innan klimaforskinga kjem, i tillegg til Solhjell:

Dr. Rajendra Pachauri, som leiar FNs sitt klimapanel, IPCC, Dr. James Hansen, som leia NASA Goddard Institute for Space Studies i ei årrekkje, og John Gummer, tidlegare britisk miljøvernminister, no leier han  “Committee on Climate Change” i Storbritannia.

Stad: Torsdag 8. august på Clarion Hotel Tyholmen, Arendal

Gratis påmelding innan fredag 19. juli til: tograderskonferanse@md.dep.no 

Konferansen er nå fullteikna.

For andre spørsmål om konferansen, send en epost til tograderskonferanse@md.dep.no