Kunnskaps- og integreringsministeren inviterer til nytt møte med integreringspanelet
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Kunnskapsdepartementet
Nyheit | Dato: 07.09.2018
Tysdag 11. september vil kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner diskutere kvardagsintegrering med integreringspanelet.
Integreringspanelet er ein rådgivande ressurs for ministeren og departementet i arbeidet med integreringsstrategien, og dette blir andre gongen dei møtast.
Integreringspanelet består av 12 deltakarar. Dei har kompetanse på ulike område, og erfaringar med å vere innvandrar i Noreg. Panelet er oppnemnt av Kunnskapsdepartementet for perioden 2018-2019.
Stad: Kunnskapsdepartementet, Kirkegata 18
Tid: 11. september kl. 14 - 16
Program:
- Innleiing v/ kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner
- Innlegg frå deltakarane
- Open samtale
- Avslutning v/ministeren
Deltakarane og ministeren vil vere tilgjengelege for pressa på slutten av møtet.