Historisk arkiv

Kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby og klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn til Bergen og Øygarden

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

Statsrådane Guri Melby og Sveinung Rotevatn dreg tysdag 8. juni til Øygarden for å besøke Hjelteryggen skule. Her får dei høyre erfaringane elevane har med skulegang under koronakrisa, og kva for planar kommunen har for sommarskule.

Dei to statsrådane skal også besøke Northern Lights-prosjektet i Øygarden. Northern Lights blir ei viktig brikke i regjeringas prosjekt Langskip for fangst og lagring av CO2. Tysdag kveld deler Melby ut Holbergprisen i skulen på KODE i Bergen.

Program tysdag 08. juni

Besøk til Hjelteryggen skule i Øygarden

Tid: Kl.12.40-14.00

Stad: Hjelteryggen skule, Søre Knappen 4, 5355 Knarvik.

Besøk til Northern Lights-prosjektet i Øygarden

Tid: Kl. 14.40-15.30

Stad: Naturgassparken, Ljøsøyvegen 80, 5337 Rong

Utdeling av Holbergprisen i skulen

Tid: 19.30 (oppmøte frå 19.00)

Stad: KODE, Hovedsalen, Nordahl Bruns gate 9, Bergen

Journalistar som ønsker å dekke besøka må melde seg på førehand av omsyn til smittevern.

Pressekontakt for kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby:

Kommunikasjonssjef Anbjørg Bakken, e-post: anb@kd.dep.no, tlf: 99009260.

Pressekontakt for klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn:

Kommunikasjonsrådgivar Martin Lerberg Fossum, e-post: Martin-Lerberg.Fossum@kld.dep.no, tlf. 46819812.