Vis heile kalenderen

08.06.2017

  • Kunnskapsministeren kjem til Bergen

    Torbjørn Røe Isaksen| Kunnskapsdepartementet

    Torsdag 8. juni kjem kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen til Bergen. Han vil mellom anna legge fram regjeringa si symjepakke og vere med på fleire arrangement knytt til Holbergprisen 2017.

    Program: 

    1030-1130: Utdeling av Holbergprisen i skolen 2017. Finalistane kjem frå Dahlske vidaregåande skole, Elvebakken vidaregåande skole og Vestby vidaregåande skole.

    Adresse: Bergen Katedralskole, Kong Oscars gate 36.

    1230-1315: Kunnskapsministeren legg fram tiltak i regjeringa si symjepakke. Det vil vere skoleelevar til stades som har symjeopplæring.
    Adresse: ADO-arena, Lungegårdskaien 40

    1345-1500: Utdeling av Holbergprisen til Onora O'Neill og Nils Klim-prisen til Katrine Vellesen Løken. Gjester må vere der seinast kl. 1345.
    Adresse: Universitetets aula

    1900: Holbergprisbankett for å heidre prisvinnarane.  Gjestane kjem mellom kl. 1815 og 1845. Fotopool for pressa. Adresse: Håkonshallen

    Meir informasjon om Holbergprisen, Nils Klim-prisen og Holbergprisen i skolen finn du på http://holbergprisen.no/

    Kontaktperson: Kommunikasjonsrådgivar Stian Stang Christiansen, tlf. 99239083, epost stch@kd.dep.no