Presseinvitasjon: Kunnskapsministeren til Hamar og Trysil

Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen kjem til Hamar 28. august. Han skal besøke lærebedrifta YC RØR AS og dele ut merket for godkjend lærebedrift. YC Rør er ei av dei første bedriftene i Norge som mottar merket. Kunnskapsministeren vil også besøke Innbygda skole i Trysil.

Program for dagen 

Kl. 08:30 – 9:30 Besøker YC RØR AS i Hamar. Her vil statsråden møte lærlinger frå røyrleggarfaget, og dele ut merket for godkjend lærebedrift.
Stad: Storhamargata 44, Hamar 

Kl. 11:00 – 12:00 Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen besøker Trysil. Der skal han møte lærarane og halde "Torbjørns time" på Innbygda skole. Her vil statsråden snakke om Lærarløftet og regjeringa sin plan for norsk skole – særleg om satsinga på vidareutdanning.
Stad: Korsbergsvegen 6, Trysil 

Det vil bli høve til intervju med kunnskapsministeren etter avtale med kommunikasjonsrådgivar Anne Sofie Holter. Mobil: 984 96 058. E-post: ash@kd.dep.no.