Vis hele kalenderen

28.06.2017

  • Kunnskapsministeren til Kristiansund

    Torbjørn Røe Isaksen| Kunnskapsdepartementet

    Onsdag 28. juni kjem Torbjørn Røe Isaksen til Campus-konferansen i Kristiansund. Han vil også besøke GC Rieber Oils som satsar på lærlingar.

    Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen vil halde eit innlegg på konferansen som markerer starten på Prosjekt Campus Kristiansund. Målet med prosjektet er å skape eit felles tyngdepunkt for høgare utdanning, forsking og innovasjon på Nordmøre. 

    Røe Isaksen vil også besøke GC Rieber Oils som har fleire lærlingar, og som har gode opplevingar med det. 

    Program onsdag 28. juni:

    Klokka 10.00 – 11.00: Kunnskapsministeren held innlegg på Campuskonferansen i Kristiansund.

    Stad: Thon Hotel Kristiansund, Fiskergata 12, 6507 Kristiansund. 

    Klokka 11.30 – 12.30: Kunnskapsministeren besøker GC Rieber Oils i Kristiansund. Han får blant anna sjå korleis lærlingane deira jobbar.

    Stad: Teistholmsundet 6, 6512 Kristiansund