Vis heile kalenderen

29.05.2017

  • Kunnskapsministeren til Tromsø

    Torbjørn Røe Isaksen| Kunnskapsdepartementet

    Måndag 29. mai kjem kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen til UiT Noregs arktiske universitet for å få innspel til langtidsplanen for forsking og høgare utdanning. Han skal også halde innlegg på ein nasjonal konferanse om den nye lærarutdanninga.

    Program:

    13.35-14.00: UiT Noregs arktiske universitet, Campus Breivika

    Kunnskapsministeren møter studentane Anna Dranovska og Johan Ravn. Dei har fått ein million kroner av Forskingsrådet til å lage ein app som seier ifrå om ulyd i lungene.

    Stad: UiT, Campus Breivika. Realfagsbygget. Hansine Hansens veg 18, Tromsø.

     

    14.10-15.30: UiT Noregs arktiske universitet, Campus Breivika

    UiT og Kunnskapsdepartementet inviterer til ein konferanse for å markere at heile landet no startar opp med den nye masterutdanninga for lærarar i barne- og ungdomsskolen.

    Stad: UiT, Campus Breivika, Auditorium 2 i Teorifagbygget.

     

    15.45-17.45: UiT Noregs arktiske universitet, Campus Breivika

    Helseforskingsmiljøet ved UiT gir kunnskapsministeren forskingspolitiske innspel til arbeidet med å revidere langtidsplanen for forsking og høgare utdanning. Dette er del av ein turné der statsråden gjestar både offentlege og private forskingsmiljø over heile landet.

    Stad: UiT, Campus Breivika, plan 8, Lysgården i MH-bygget.