Landbruks- og matministeren sitt innlegg til Stortinget si behandling av Dokument 8:9 S (2016–2017) om tiltak for å redusere matsvinn

Landbruks- og matministeren sitt innlegg på representantforslag frå stortingsrepresentantane Line Henriette Hjemdal, Rigmor Andersen Eide og Geir Sigbjørn Toskedal om tiltak for å redusere matsvinn.

Eg vil takke Stortinget for å fokusere på – gjennom dette representantforslaget frå Kristeleg Folkeparti – ei viktig problemstilling, nemleg korleis vi sørgjer for at mat som er produsert, vert brukt til mat i så stor grad som mogleg.

Dersom vi skal løyse utfordringa vår med å produsere mat til ei veksande verdsbefolkning, har vi ikkje dei jordbruksareala vi treng dersom vi skal fortsetje å kaste ein så stor del av maten vår, som vi gjer i mange vestlege land. Det er ei utfordring som er viktig for regjeringa, og som eg også opplever er viktig for Stortinget. Det gjer at ein er nøydd til å jobbe på fleire ulike område for å nå dei måla.

Det viktigaste av alt, og som representantforslaget for så vidt peikar tydeleg på, er kva som skjer i industrileddet. Og der skjer det mykje positivt. Mens Stortinget debatterer dette no, er mange aktørar i næringsmiddelindustrien allereie i gang med å sjå på nye marknader og på nye produkt. For nokre år sidan, då eg var kjøtskjerar, kalla vi alt som vi skar av til biff, biff. Så heiv vi beina i renna og kalla det avfall. No kallar næringsmiddelindustrien det plussprodukt. Det gjev ny verdiskaping innanlands, og det gjev også meir bruk av maten. Samtidig ser vi at aktørar no samarbeider, f.eks. gjennom prosjekt som GRØNTiKJØTT, som handlar om å putte avskjer frå frukt og grønt i næringsmiddelindustrien inn i kjøtprodukt, og med det redusere matsvinnet og skape nye produkt til forbrukarane. Det er på veg inn i Horeca-marknaden no. Veldig mange spennande ting skjer i industrileddet, som mykje av dette rettar seg mot.

Samtidig er hovudutfordringa vår at vi kastar altfor mykje mat heime. Meir enn 60 pst. av matsvinnet skjer i heimen til folk. Verdien av det utgjer i snitt 5 800 kr for ein familie. Dersom vi klarer å halvere det, gjev det den enkelte familie betydeleg meir pengar til å bruke på meir fornuftige ting. Då handlar det om noko så enkelt som å bruke den maten ein har kjøpt. Eg har ikkje grunnlag for å seie at altfor få et lapskaus, men av og til trur eg på det. Det handlar om noko så grunnleggjande som å ta ut dei produkta ein har igjen i kjøleskapet, og lage den siste matretten av dei – og i dei fleste tilfella er lapskaus godt.

Vi treng eigentleg at folk er veldig bevisste på, når dei først har gjort innkjøp, at dei klarer å bruke den maten dei har kjøpt. Det er det vanskeleg å drive aktive haldningskampanjar for, men eg trur samtidig at dersom vi minner folk om det, tek vanlege folk i dette landet fornuftige val.

Samtidig jobbar regjeringa breitt saman med næringslivet – f.eks. gjennom samarbeidsavtalen mellom industrien og regjeringa – for å redusere matsvinn i industrien. Bioøkonomistrategien, som regjeringa nettopp har lagt fram, viser tydeleg fokusering på å redusere matsvinnet. Momsfritaket – som gjer at butikkar og grossistar kan gje frå seg den maten som dei tidlegare kasta, gratis til frivillige organisasjonar, som kan dele han ut – gjev incentiv til å redusere matsvinnet. Så her er det mange viktige grep ein kan gjere, og eg trur jamt over at dei positive tinga vi klarer å bidra med, er viktigare enn å tru at vi klarer å lovregulere oss vekk frå dette.

Næringsmiddelindustrien kjem til å bruke den maten dei har – når dei finn marknad for han. Det å ha tru på marknadsretting, ha tru på produktutvikling, ha tru på at dei som driv i norsk næringsmiddelindustri, klarer å utvikle nye produkt, er den aller viktigaste suksessfaktoren vi har for å lykkast i industrien. At folk er opptekne av å ete meir lapskaus og andre produkt av den maten dei allereie har kjøpt, er viktig for å redusere den aller største delen av svinnet, nemleg den maten som allereie ligg i kjøleskapet vårt. Vi må bruke han mens ein er i stand til å gjere det, og vi må bruke ein større del av han enn i dag.