Lansering av landbrukets klimakalkulator

Klima- og miljøminister Sveinung Rotevatns tale på lanseringa av landbrukets klimakalkulator 15. oktober.

Takk for invitasjonen – god morgon, alle saman!

Mat er eit av dei grunnleggande behova våre. Produksjon, forbruk og rettferdig fordeling av mat handlar om liv og helse. Men det handlar også om samfunnstryggleik, og klimaet og miljøet vårt.

Derfor var det vel fortent at FNs matvareprogram fekk fredsprisen i år.

Utfordringane

Klimaendringar er ein alvorleg trussel mot alt vi har kjært – det inkluderer matsikkerheit, menneske og natur. Dei siste åra har vi fått stadig meir kunnskap om kor alvorlege klimaendringane er, kor langt dei har kome og kor mykje arbeid som står igjen.

Nokon av dei som kjem til å merke klimaendringane aller hardast og først, er bønder i Noreg og i heile verda. For klima handlar om vêret vårt.

Ekstremvêr, med påfølgande risiko for avlingsskade.

De i landbruksnæringa hugsar med gru tørkesommaren 2018, med skogbrannar som kravde mykje av oss, og avlingstap som kravde mykje av den norske bonden. Meir enn ein av tre bønder fekk utbetalt erstatning for avlingssvikt.

Det var sjølvsagt alvorleg for den enkelte. Det kosta også fellesskapet mykje. Eg kan bruke det som eit eksempel på at det ikkje berre er klimatiltak som kostar pengar. Klimaendringar kostar også ein del pengar. Tørkesommaren 2018 kosta fellesskapet i overkant av 2 milliardar berre i erstatning for avlingstap. Det er forresten omtrent det same som vi skal bruke på investering i  CO2-fangst og -lagring neste år.

Vi skal investere for å gjere ting grønare og kutte utsleppa  - blant anna fordi det vil ha store konsekvensar dersom vi ikkje gjer det, slik vi såg den sommaren.

Og den globale oppvarminga held fram. Førre månad var den varmaste september vi veit om. I tolvmånaders-perioden fram til og med september var planeten vår nesten 1,3 grader varmare enn førindustrielt nivå.

Dei fleste har høyrt om 1,5-gradersmålet og 2-gradersmålet. Dette seier noko om kor langt utviklinga har gått. Klimaendringane er ikkje noko som kjem til å skje, det er noko som skjer. Spørsmålet er ikkje om vi skal hindre at det skjer klimaendringar, men å stoppe dei før det blir for galt.

Vi nærmar oss 1,5-graders oppvarming allereie. Vi har dårleg tid, vi må gjere mykje, og vi må gjere det raskt.

Mål og ambisjonar

Når vi skal tenke på klimapolitikk, har eg alltid tenkt at vi har mykje å lære av måten bonden tenker på. Nemleg at du skal overlate garden i litt betre stand til neste generasjon. Akkurat det skal vi gjere med planeten vår. Vi skal overlate den i litt betre stand, i alle fall ikkje i verre stand, slik at framtidige generasjonar kan leve like frie og gode liv som vi gjer, med det same livsgrunnlaget. Då må vi alle gjere meir.

Den store kampen i år, globalt, handlar om at vi skal få flest mogleg land til å auke sine klimaambisjonar. Viss vi ser på det som landa har meldt inn av klimaambisjonar til Paris-avtalen, så er vi ikkje på veg til 1,5-gradersmålet, ei heller 2-gradersmålet, vi er på veg mot gode 3 grader oppvarming eller meir. Det vil få heilt uakseptable konsekvensar for livet på jorda, for naturen, for matproduksjonen. Derfor må fleire love å gjere meir for å kutte utslepp.

Det gjorde Noreg i februar. Då meldte den norske regjeringa inn eit forsterka klimamål med inntil 55 prosent kutt innan 2030. Vi var det tredje landet i verda som gjorde det, og det første vestlege landet.

Ein del av arbeidet med å nå målet er at vi har inngått ein forpliktande klimaavtale med EU, som gjer at norske klimamål ikkje lenger er valfritt å nå. Vi er nøydde til å nå dei og det blir målt og det blir kontrollert.  

EU er også i ein prosess med å skjerpe sitt klimamål. Vi har fleire gongar bedt om at også EU legg opp til 55 prosent kutt, opp frå dagens 40. Det har Kommisjonen no gått inn for. EU-parlamentet går endå lenger og går inn for 60 prosent. Så blir det landa som skal bestemme dette til slutt. Vi håpar dei landar på ambisiøse mål – ikkje minst fordi vi skal gjennomføre dei saman.

I løpet av hausten skal eg legge fram ei melding for Stortinget om korleis vi skal kutte utsleppa våre tilstrekkeleg fram mot 2030. Det er ei viktig stortingsmelding, som kjem til å gå gjennom alle sektorar og skissere ein tydeleg plan som viser at vi skal kome i mål.

Det er om lag 30 år sidan vi for alvor fekk kunnskapen om kor alvorlege klimaendringane er. Det er 30 år til 2050, då Noreg skal vera eit lågutsleppssamfunn, der i praksis alle utslepp er vekk. Det er ganske kort tid å endre eit heilt samfunn på 30 år.

Heldigvis går utsleppa ned, dei har gått ned i fire år og er dei lågaste på 27 år. Men vi skal vidare og vi skal raskare ned.

Det som har skjedd dei siste 30 åra er at vi har fått meir og meir kunnskap om klimaendringane. Fleire og fleire har skjønt at dei også er ein del av dette.

Før kunne ein tenke at klimaendringar og forureining handlar om fabrikkpiper ein plass i horisonten. Det er det også, men det er også kvar og ein av oss som bilist, som fiskar, som bonde, som næringsdrivande. Det aller meste vi gjer har med klima og miljø å gjere. Det betyr at vi alle har eit felles ansvar. Det er ikkje slik at ei næring, ein sektor eller eit land skal gjere heile jobben. Alle må vere med. Og klarer vi det, at alle gjer nok, kjem vi saman i mål i det som er ein stor dugnad.

Klimagassreduksjonar i jordbruket

Regjeringa har inngått ein klimaavtale med jordbruket om å redusere utsleppa med 5 millionar tonn perioden fram mot 2030. Det er ganske mykje, men det er mogleg.

Næringa og staten er medspelarar i kampen for å redusere utsleppa og auke opptak av karbon.

For å nå Noregs klimamål, er vi heilt avhengig av at jordbruket leverer. Eg har stor tru på at vi vil lykkast med det.

Grunnen til at eg kan seie det, er dei mange initiativa som kjem ut av jordbrukets klimaplan og no blir sett i verk -  for å kutte utslepp og binde karbon. Klimakalkulatoren er eit veldig godt eksempel på det, eit viktig ledd i dette arbeidet og eit bevis på at det blir jobba aktivt i næringa med å nå klimamålet.

Så kan ein jo spørje kva det har å seie at du har ein kalkulator? Eg trur at det er slik for bonden og dei aller fleste i livet og i næringslivet at du gjer dei tinga som kan målast først, og så utset du dei tinga som ikkje målast. Å få konkrete resultat er ein måte å få til handling på. Det er motiverande og gir kunnskap.

Eg trur at det vil vere sterkt motiverande og nyttig for den enkelte bonde å måle kva tiltak ein gjer på sin gard, enten det handlar om produksjonsmåtar, gjødsling eller andre ting. Ein vil vite at dette er noko felles for heile næringa og at alle er med.

Kvart einaste val betyr noko. Kvart  einaste år med for høge utslepp gjer det vanskelegare å kome i mål. For kvart tonn vi klarer å kutte, jo nærmare kjem vi.

Og så er det sikkert slik for den enkelte bonde at det er lett å tenke: Kva har eg å seie i det store bildet? Eg driv jo berre eit lite gardsbruk i eit stort land i ei stor verd – har det noko å seie kva eg gjer?

Isolert sett så kan du tenke at kanskje har det ikkje det. Problemet er at det kan du seie om absolutt alle. Alle er for små. Isolert sett har det ikkje noko å seie kva heile jordbruket gjer, kva heile Noreg gjer, fordi dette er eit globalt problem. Men sånn kan vi ikkje tillate oss å tenke.

Då kjem vi aldri til å kome i mål. Ta Kina – verdas største utsleppsland – sjølv om dei kutta alle sine utslepp over natta så hadde vi ikkje klart å kome i mål med klimamåla. Sjølv dei er for små.

Det er kvar enkelt, kvar bedrift, kvar enkelt bonde, kvart enkelt land  -  det er summen av det som tar oss i mål.

Betyr det noko kva eg gjer? Svaret er eit rungande ja. Det er klart det betyr noko.

Eg håpar og trur at klimakalkulatoren vil vere til støtte for den enkelte gardbrukaren i arbeidet for å redusere dei totale utsleppa frå garden.

Men det er likevel ikkje slik at alt kan løysast på individ- og gardsbruknivå. Dette er eit fellestiltak, eit samfunnstiltak.

Det er viktig i denne samanhengen at vi arbeider for ei heilskapleg tilnærming. Vi skal ikkje drive symbolpolitikk, der vi kuttar i utslepp ein plass berre for å auke dei ein annan plass. Det har ingenting for seg. Alt vi gjer skal ha netto nytte.

Det betyr at vi skal ikkje drive ein klimapolitikk som betyr at du legg ned næringsverksemd i Noreg og flyttar det til eit anna land der det forureinar like mykje.

Vi skal ha næringsverksemd i Noreg, enten det handlar om prosessindustri eller jordbruk, men vi skal kutte utsleppa, produsere minst like mykje av like høg kvalitet, og slik kjem vi i mål.

Avslutning

Med det vil eg seie: gratulerer med arbeidet så langt. Men det er no arbeidet begynner, så lykke til med det til alle dei som skal sette i gang.

Hald fram med å produsere sunn og trygg mat og bidra til at verda går litt meir i grøn retning med litt lågare klimautslepp, så vi kjem i mål.

Tusen takk for meg!