Historisk arkiv

Legg fram ny rammeplan for barnehagen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

Måndag 24. april legg kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen fram ein ny rammeplan. Den skal styrke arbeidet i barnehagar, og sikre alle barn eit godt tilbod uansett kor i landet dei bor.

Stad: Hundsund barnehage, Bærum, Snarøyaveien 81.

Når: April 24. april, klokka 10.00 – 10.45.

Kontakt: Kommunikasjonsrådgivar Hong Pham, 911 35 990, hoph@kd.dep.no 

Dei fleste barn går i barnehage, men kvaliteten på tilbodet varierer. Ikkje alle barn får den oppfølginga dei treng.

Ved å gjere det tydelegare kva barnehagen skal gjere for barna, vil kunnskapsministeren gjere det enklare for foreldre å vite kva dei kan vente av barnehagen. Barnehagen skal blant anna bli betre til å jobbe med språk, mangfald, måltider og dei minste barna.

Det blir høve til separate intervju med kunnskapsministeren ca. kl. 10.30.

Det vil vere organisasjonar frå barnehagesektoren til stades. 

Vi set pris på om journalistar som ønsker å komme melder seg på til hoph@kd.dep.no