Historisk arkiv

Presseinvitasjon:

Legg fram ny strategi om barnehagekvalitet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

Korleis kan barnehagetilbodet bli betre, og kva kompetanse skal dei tilsette ha fram mot 2030? Torsdag 24. juni legg regjeringa fram ein ny strategi om barnehagekvalitet. Statsminister Erna Solberg vil presentere satsinga saman med kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby, og barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad.

Tid: Torsdag 24. juni kl. 11.30.

Stad: Eilert Sundts barnehage, Moltke Moes veg 33, 0851 Oslo

Kontakt statsministeren: kommunikasjonsrådgjevar Ella Ege Bye, tlf. 932 68 350

Kontakt kunnskaps- og integreringsministeren: kommunikasjonsrådgjevar Ragnhild Irene Skaara Imset, tlf. 934 35 930.

Kontakt barne- og familieministeren: statssekretær Julie Kristine Kordahl, tlf. 900 89 528

 Journalistar som vil kome, må melde seg på til Ragnhild Skaara Imset.

Kva er den nye strategien om barnehagekvalitet?
Undersøkingar viser at kvaliteten på barnehagetilbodet varierer, og at det er skilnadar i kompetansen blant dei tilsette. Det kan føre til at fleire barn ikkje får eit godt nok tilbod.

Det har vore fleire dialogmøte med dei tilsette, barnehageeigarar, forskarar, foreldre og Sametinget. Det har vidare kome inn mange innspel til departementet. No er regjeringa klar med ein ny strategi. Føremålet er å gje alle barn eit godt tilbod uavhengig av kor dei bur i landet.

Les meir om arbeidet med kvalitet i barnehagen.  

 

Program:

11.30 – 11.45: Statsministeren og statsrådane helsar på barn og tilsette

11.45 – 11.55: Statsministeren og statsrådane presenterer strategien

11.55 – 12.15: Pressetid.