Olje- og energiministeren møter NVE om straumprisen

Adresse: Akersgata 59 , Oslo

Sted: Olje- og energidepartementet

Olje- og energiministeren møter NVE-sjef Kjetil Lund for å få ei orientering om kraftsituasjonen og ei vurdering av dei forventa straumprisane gjennom vinteren.

Møtet går føre seg i Olje- og energidepartementet, i Akersgata 59. Det er mogleg å fotografere ved starten av møtet. Oppmøte i R5 seinast kl. 12.45. Etter møtet, om lag kl. 14.15, er møtedeltakarane tilgjengelege for presse. Oppmøte i R5 seinast kl. 14.00.

Pressekontakt er kommunikasjonssjef Arvid Samland, telefon 93 05 14 58, e-post arvid.samland@oed.dep.no