Ny politisk rådgjevar i Landbruks- og matdepartementet

Dette innhaldet er meir enn 2 år gammalt.

Even Skårberg Aarnes frå Gvarv i Telemark sluttar som politisk rådgjevar i Landbruks- og matdepartementet. Siv Sætran frå Stjørdal i Trøndelag tek over etter han.

Det er personlege grunnar til at Aarnes sluttar.

– Eg har ei kone og to små søner heime. Dei har det fint i kvardagen, men for meg som pappa er det ikkje like greitt. Eg saknar dei rett og slett for mykje. Jobbmessig sett har eg hatt det kjempebra i Landbruks- og matdepartementet, men familien vil alltid vera viktigare enn jobb.

Even Skårberg Aarnes går tilbake til stillinga som rådgjevar i Vestfold og Telemark Senterparti.

Politisk rådgiver Siv Sætran.
Politisk rådgiver Siv Sætran. Foto: LMD

Siv Sætran, som nå tek over som politisk rådgjevar i Landbruks- og matdepartementet, er 35 år gammal og har vakse opp på gard i Skjelstadmarka i Stjørdal. Ho kjem frå stillinga som organisasjonsrådgjevar i Trøndelag Senterparti. Før dette var ho fylkessekretær i Sør-Trøndelag Senterparti og ho har også vore generalsekretær i Senterungdommen.

Sætran sit i kommunestyret i Stjørdal, og er leiar i utvalet for kultur og levekår. Ho har nå søkt om permisjon frå desse verva.

– Eg blei både overraska over, og glad for, å bli spurt om å bli politisk rådgjevar i Landbruks- og matdepartementet. Men eg måtte jo berre seia ja. Eg tykkjer at Sandra Borch har fått ein veldig god start som statsråd. Hurdalsplattforma stakar ut ein ny kurs for landbruket. Ambisjonane er høge, og eg gler meg til å vera med på dette arbeidet, seier Sætran.

Landbruks- og matminister Sandra Borch ynskjer Siv Sætran velkommen som politisk rådgjevar. 

– Ho har solid og brei erfaring med organisasjonsarbeid og i politkken, og blir ein svært viktig støttespelar framover, seier Borch.

Statsråden takkar Even Skårberg Aarnes for jobben han har gjort i ein kort, men svært viktig periode etter regjeringsskiftet.

– Å vera politisk rådgjevar er svært krevande, du veit aldri heilt når dagen startar eller sluttar. Det står stor respekt av det valet Even nå har tatt. Eg takkar for svært godt samarbeid, og ynskjer han lukke til vidare, seier landbruks- og matminiseren.