Historisk arkiv

Ny rapport til FN om barnekonvensjonen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Barne- og likestillingsdepartementet

Norske styresmakter har levert ein ny rapport om korleis FNs barnekonvensjon blir gjennomført i Noreg. Det er femte gong Noreg rapporterer om arbeidet med å følgje opp og styrke posisjonen til barnekonvensjonen.

- Barnekonvensjonen har medverka til å sette barns interesser og barns rettar høgare på den politiske og offentlege dagsorden. Det syns eg er veldig bra. Men vi har framleis utfordringar og vi må stadig forbetre oss. Derfor er rapportering om korleis norske styresmakter gjennomfører FNs barnekonvensjon viktig, seier barne-, og likestillingsminister Solveig Horne (FrP).

Noreg slutta seg til barnekonvensjonen i 1991, og reknast i dag som et føregangsland når det gjeld å fremje barns rettar og etterleve barnekonvensjonen. Ved barnekomiteens førre gjennomgang i 2010, kom komiteen med tilrådingar til korleis barnekonvensjonen kunne følgjast enda betre opp i Noreg. I denne rapporten svarer norske styresmakter for korleis tilrådingane er fylgt opp.

BLD har eit koordinerande ansvar for gjennomføringa av barnekonvensjonen og har utarbeidd rapporten i samarbeid med 11 andre departement. Rapporten er no overlevert FNs barnekomité, som etter kvart vil invitere Noreg til munnleg høyring om saka.

Her kan du lese rapporten.

Barnerapport

I tillegg til hovudrapporten har Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) på oppdrag frå BLD utarbeida ein barnerapport om barn og unges synspunkt på korleis det er å vekse opp i Noreg. Denne rapporten er eit vedlegg til hovudrapporten.

Her har Bufdir snakka med til saman 156 barn og unge frå heile landet som har delt sine erfaringar om korleis det er å vekse opp i Noreg. Også i 2008 blei det utarbeidd ein rapport der barn og unge rapporterte til FN om rettane sine, og Noreg har fått positiv tilbakemelding frå FN på at barna sjølve er med og rapporterer.

Her kan du lese barnerapporten til Bufdir.

Skyggerapport

Forum for barnekonvensjonen har fått tildelt løyvingar for å utarbeide ein såkalla skyggerapport frå sivilsamfunnet om gjennomføringa av barnekonvensjonen i Noreg. Den skal leverast våren 2017.