Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Endringar i deltakarlova og havressurslova

Regjeringa legg i dag fram eit lovforslag som skal sørgje for at sentrale tiltak i kvotemeldinga får nye lovheimlar som er oppdaterte og moderne.

- Dette lovforslaget er det første viktige steget på vegen mot implementering av dei av tiltaka i kvotemeldinga som Stortinget har slutta seg til. Ei rask implementering er ønskeleg fordi næringa har behov for avklaring av framtidige rammevilkår, seier fiskeri- og sjømatminister Odd Emil Ingebrigtsen.

Lovforslaget inneber mellom anna innføring av nye lovheimlar for sentrale tiltak i kvotemeldinga, som til dømes nytt felles fiskeriløyve til erstatning for nogjeldande konsesjonar og deltakarrettar, faste kvotefaktorar og den nye kvoteutvekslingsordninga.

Formålet med lovendringane er å leggje til rette for at fiskeriforvaltninga kan følgje opp dei av tiltaka i Meld. St 32 (2018-2019) Et kvotesystem for økt verdiskaping (kvotemeldinga) som Stortinget no har slutta seg til.

Tiltaka i kvotemeldinga krev også forskriftsendringar, og departementet vil om litt kome tilbake med eit høyringsnotat med forslag til nødvendige forskriftsendringar.