Tenestestaden for trafikantane held fram i Nordfjordeid

– For regjeringa er det avgjerande å sikre gode tenester for trafikantar i heile landet. Særleg for dei tenesta som framleis krev oppmøte må det vere eit tilgjengeleg tilbod rundt i heile landet. Vi har no nøye vurdert forslaga frå Statens vegvesen, men også lytta til innspel og forslag frå lokale aktørar. Mellom anna betyr det at tilbodet om hallkontroll for tunge og lette køyretøy i Nordfjordeid som var foreslått lagt ned likevel vidareførast, seier samferdselsminister Knut Arild Hareide.

I november i fjor leverte Statens vegvesen sitt endelege forslag til ny tenestemodell og -struktur for tenesta på trafikant- og køyretøyområdet. Bakgrunnen er dei store endringane Statens vegvesen går gjennom, både som ein følgje av overføring av fylkesvegoppgåver til fylka og omstilling av etaten. No har regjeringa vurdert forslaga, og har konkludert med at dei fleste av tenestestadene som var foreslått nedlagt likevel held fram, men at det vil skje nokre endringar i tenestetilbodet.

Det var opphaveleg foreslått endring i tenestetilbodet ved at det skulle vere eit servicekontor i Nordfjordeid med skranketeneste, teoriprøve og praktisk førarprøve for personbil og traktor.  No vidareførast også tilbodet om hallkontroll for tunge og lette køyretøy her.

Særleg har omsyn til ungdom og lokalt næringsliv vært avgjerande i konklusjonen om at tilbodet held fram fleire stader.

- Førarkort og køyretøyteneste er viktige for svært mange, både privatpersonar, næringsverksemd og lokalsamfunn, rundt om i heile landet. Det er viktig for ungdom som skal ta førarkort at dette kan skje utan for lang reiseveg og for mye fråvær frå skule, og det er viktig for næringsaktørar innanfor bilbransjen at dei ikkje må frakte køyretøya unødig langt for å få gjennomført de tenesta dei skal, seier samferdselsministeren.