Ny statsforvaltar i Vestland

Liv Signe Navarsete er i statsråd i dag utnemnd til statsforvaltar i Vestland.

Liv Signe Navarsete
Liv Signe Navarsete Foto: Ragne B. Lysaker, Senterpartiet

– Med Navarsete får vi ein erfaren og engasjert statsforvaltar med på laget, med brei innsikt i offentleg forvaltning og stor kjennskap til Vestland, seier Sigbjørn Gjelsvik, kommunal- og distriktsminister.

Navarsete tiltrer 1. september 2022. Embetet er ei åremålsstilling for ein periode på seks år.

Liv Signe Navarsete er 63 år og er utdanna innan økonomi, administrasjon og IKT. Navarsete har no diverse styreverv og er oppnemnd som medlem av Forsvarskommisjonen. 

Ho har vel 30 års erfaring frå ulike politiske roller i statsforvaltninga, blant anna som stortingsrepresentant og statsråd i to fireårsperiodar. Ho har òg erfaring som sjølvstendig næringsdrivande. Navarsete har omfattande leiarerfaring frå organisasjonsliv, politikk og samfunnsliv.

For presse:

Kommunal- og distriktsdepartementet: ke@kdd.dep.no eller til departementets pressetelefon: 22 24 25 00