Historisk arkiv

Nye styremedlemmer i SIVA

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Nærings- og handelsdepartementet

Det er oppnemd tre nye styremedlemmer i Selskapet for industrivekst (SIVA SF). Dei nye medlemmene er Peter Arbo, Hilde Gjester Hoel og Siw Moxness.

Pressemelding

Nr.: 79/05
Dato: 21. desember 2005
Kontaktperson: Informasjonsrådgivar Arvid Samland, tel. 22 24 65 60

Nye styremedlemmer i SIVA

Det er oppnemd tre nye styremedlemmer i Selskapet for industrivekst (SIVA SF). Dei nye medlemmene er Peter Arbo, Hilde Gjester Hoel og Siw Moxness.

Peter Arbo frå Tromsø har også tidlegare vore med i styret i SIVA. Han er utdanna cand. polit og er tilsett som førsteamanuensis ved Universitetet i Tromsø og Norges Fiskerihøgskule. Han driv forsking på mellom anna innovasjon, næringsutvikling og regionale endringsprosessar.

Hilde Gjester Hoel kjem frå Odda, og som tidlegare leiar for næringshagen i Odda kjenner ho godt til SIVAs verksemd. Ho har også vore styremedlem i Statens nærings- og distriktsutviklingsfond (SND). For tida er ho varaordførar i Odda kommune. Gjester Hoel er utdanna innan økonomi, marknadsføring, organisasjon og leiing.

Siw Moxness kjem frå Lovund på Helgelandskysten og har erfaring frå marin næring. Ho er utdanna sivilingeniør i kjemi, og arbeider for tida som kvalitetsleiar i fiskemjøl- og fiskeoljeprodusenten Aquarius AS.

Dei nye styremedlemmene tiltrer 1. januar 2006.

SIVA SF er ein nasjonal pådrivar for innovasjon, verdiskaping og nye arbeidsplassar. Selskapet arbeider for å utvikle sterke regionale og lokale verdiskapingsmiljø i heile landet. Verksemda er fokusert rundt hovudområda eigedom og innovasjon. Sentrale tilbod innan desse områda er forskings-, kunnskaps- og næringsparkar, inkubatorar og aktivt eigarskap i innovasjonsselskap.

Til toppen