Nytt åremål for riksmeklaren

Dette innhaldet er meir enn 2 år gammalt.

Mats Wilhelm Ruland held fram som riksmeklar i eit åremål på tre nye år. Han vart utnemnd i statsråd i dag.

– Mats Wilhelm Ruland er særs godt kvalifisert for dei oppgåvene og utfordringane som ligg i stillinga som riksmeklar. Det har han vist gjennom dei tre åra han har vore riksmeklar, seier arbeids- og inkluderingsminister Hadia Tajik.

Ruland har juridisk embetseksamen frå Universitet i Oslo frå 2003. Han har vore dommar i tingretten og i lagmannsretten. Ruland har tidlegare praktisert som advokat og har hatt verv i Personvernnemnda. Ruland har vore oppnemnd som særskilt meklar hos Riksmeklaren og kretsmeklar før han vart utnemnd til riksmeklar i 2018.